Hans Stabel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans Stabel
none  Hans Jacob Stabel på eit måleri frå Eidsvoll 1814
Hans Jacob Stabel på eit måleri frå Eidsvoll 1814
Fødd 27. august 1769
Onsøy i Østfold
Død 7. januar 1836 (66 år)
Østre Toten
Nasjonalitet Norsk
Parti Sjølvstendepartiet
Yrke Prest
Verv Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
 - valkrins Christians Amt
Wikimedia Commons: Hans Jacob Stabel

Hans Jacob Stabel (27. august 17697. januar 1836) var ein prest og eidsvollsmann.

Stabel var fødd i Onsøy i Østfold, der faren var sokneprest. Sjølv vart han cand. theol. 1792, og personalkapellan heime i Onsøy. Frå 1799 var han residerande kapellan i Slidre i Oppland, til han i 1806 vart sokneprest i Sør-Aurdal i same fylket. I dette embetet vart han verande i seksten år, til han vart sokneprest i Kristiansand, 1822-25. Deretter sokneprest i Østre Toten frå 1825 til han døydde på prestegarden der i 1836.

riksforsamlingaEidsvoll i 1814 representerte Stabel Christians Amt som 2. deputert. Dei øvrige var sorenskrivar Laurits Weidemann og Anders Lysgaard. Stabel vart rekna til sjølvstendepartiet.

Han hadde ikkje noko eige program for møtet på Eidsvoll. Men han hadde skrive under på Laurits Weidemanns grunnlovsforslag. Sentralt i dette forslaget stod den såkalla «innfødsretten», einast innfødde nordmenn skulle få embete. Til grunn for forslaget låg ei frykt for at storting og embetsverk skulle verte overteke av embetsmenn av utanlandsk opphav.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]