Hans Thøger Winther

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans Thøger Winther
Krohgstøtten i Oslo av Hans Thøger Winther

Hans Thøger Winther (fødd 22. januar 1786 i Danmark, død 10. februar 1851) var ein norsk forleggar og boktrykkar og ein pioner innan fotografi.

Han starta i 1822 ein forlagsbokhandel, og seinare eit eige bok- og steintrykkeri. Han deltok mellom anna i utgjevinga av det illustrerte Norsk Penning Magazin og den første illustrerte bibelen i landet. Winther utvikla tre ulike metodar til fotografisk gjengjeving, og utgav den første fotoboka i Noreg, Anviisning til paa trende forskjellige Veie at frembringe og fastholde Lysbilleder paa Papir (1845), ein av dei første bøkene i verda innan området. Arbeidet hans fekk liten innverknad, sidan det var daguerreotypien og kalotypien som kom til å danne grunnlaget for den vidare utviklinga til fotografiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hans Thøger Winther