Hans Vogt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hans Vogt (1. juni 190325. september 1986) var ein språkforskar frå Fredrikstad. Han vart professor i romansk språkvitskap ved Universitetet i Oslo frå 1946, i allmenn språkvitskap frå 1963 og rektor ved same universitet frå 1964 til 1969.

Vogt er ein av Noregs mest kjende språkforskarar, spesielt kjend er han for arbeida sine om kaukasiske språk. Grammatikkken hans over georgisk frå 1971 er framleis ein av standardgrammatikkane over georgisk. I lag med Knut Bergsland skreiv han ein sentral artikkel som i praksis falsifiserte glottokronologi som språkvitskapleg teori.

I 1945 skreiv Vogt den første innføringsboka i språkvitskap til bruk for nye studentar, den vart dessverre lite brukt, i og med at Alf Sommerfelt] to år etter skreiv ei tilsvarande bok. I 1948 tok Vogt initiativet til å ta opp att verksemda i Norsk forening for sprogvidenskap, som hadde lege nede sidan slutten av 1920-talet.

Vogt deltok også i den norske språkstriden, som riksmålsmann og medlem av Det Norske Akademi. Han var formann for Vogt-komitéen.

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Vogt, Hans 1932: Målstrid og klassekamp. Oslo: Fram forlag.
  • Vogt, Hans 1940: The kalispel language : an outline of the grammar with texts, translations, and dictionary. Det norske vitenskaps-akademi i Oslo.
  • Vogt, Hans 1945: Forelesninger i almen språkvitenskap : (det propedeutiske kursus Universitetet i Oslo: Lingvistisk institutt.
  • Bergsland, Knut; & Vogt, Hans. 1962: On the validity of glottochronology. Current Anthropology, 3, 115-153.
  • Vogt, Hans 1963: Dictionnaire de la langue oubykh : avec introduction phonologique, index français-oubykh, textes oubykhs . Instituttet for sammenlignende kulturforskning / Serie B Skrifter Bind nr:52
  • Vogt, Hans 1971: Grammaire de la langue géorgienne.
  • Vogt, Hans 1973: De kaukasiske språk og språkvitenskapen Instituttet for sammenlignende kulturforskning / Serie C, Bind nr: 5:3, Oslo : Universitetsforlaget

Kjelder[endre | endre wikiteksten]