Hanzhong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hanzhong (gul) si plassering i Shaanxi
Midtbyen i Hanzhong på nattestid

Hanzhong (kinesisk skrift 汉中市, pinyin Hànzhōng) er eit byprefektur i sørvest i provinsen Shaanxi i det sentrale Kina. Prefekturet dekker eit areal på 27 246 km² og har om lag 3,42 millionar ibuarar. Det ligg langs den øvre delen av elva Hanshui, sør for fjellområdet Qinling.

Byprefekturet Hanzhong omfattar eitt bydistrikt (区 ) og ti fylke (县 xiàn).

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Mellom ei lang rekke sjåverdige tempel, byportar og altar ligg dei vakre mausolea over Zhang Qian, «silkevegspioneren», i fylket Chenggu, og over Cai Lun, oppfinnaren av papiret, i fylket Yang.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 108 går gjennom området. Riksvegen tek til i Beijing og fører via Taiyuan, Xi'an og Chengdu sør til Kunming i den sørvestlege provinsen Yunnan. Også Kinas riksveg 316 går gjennom området. Han fører frå Fuzhou i Fujian via Nanchang i Jiangxi og Wuhan i Hubei til Lanzhou i Gansu.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hanzhong var militærstrategisk viktig den gongen dette området låg ved yttergrensa for det kinesiske kulturområdet. Området var bygt allereie under Shang-dynastiet. I 325 f.Kr. etablerte staten Qin eit prefektur i Hanzhong. Vel hundre år seinare, i 206 f.Kr., var Hanzhong base for Liu Bang då han bygde opp Det vestlege Han-dynastiet (206 f.Kr.-8 e.Kr.). Under Dei tre statars tid (220-280) sende Zhuge Liang, statsminister i kongedømmet Shu, troppar til Qishanfjellet seks gonger, og nytta Hanzhong som base for sitt felttog nordover mot kongedømmet Wei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]