Haparanda
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haparanda (finsk Haaparanta) er ein by i Norrbottens län i landskapet Norrbotten i Sverige. Den er administrasjonssenter for Haparanda kommun og i 2005 hadde byen 4 778 innbyggjarar.
Haparanda fekk bystatus i 1842. Han ligg ved finskegrensa ved Bottenviken og er den austlegste byen i Sverige. Like over grensa, som går langs Torne älv, ligg den finske byen Torneå (finsk: Tornio). Dei to byene på kvar side av riksgrensa vert ofte rekna som ein samanvoksen by, og vert gjerne omtalt som Haparanda-Torneå.
Haparandabanan knytt Haparanda til det svenske og det finske jernbanenettet. I 2000 blei persontrafikken lagt ned på banen og i dag er det berre godstrafikk på strekninga.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Haparanda» frå Wikipedia på bokmål, den 2. juli 2012.