Haróset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sefardisk ḥaróset med eple, pærer, rosiner, fiken, appelsinjus, raudvin, pinjekjernar og kanel.
Foto: Olve Utne
Askenasisk ḥaróset med valnøtter, vin, kanel, honning og eple.

Haróset (hebraisk חֲרוֹסֶת ḥărōset) er ei blanding av frukt, nøtter, vin eller eddik og eventuelt krydder som blir bruka som ein av dei symbolske matrettane under det jødiske sedermåltidet på dei to første kveldane av pesah (den jødiske påska). Haróset symboliserer mørtelen som israelittane bruka under slaveriet i Egypt.

Sefardisk haróset[endre | endre wikiteksten]

Spanske og portugisiske sefardím[endre | endre wikiteksten]

Spanske og portugisiske sefardím i Vest-Europa (Italia, Frankrike, Belgia, Nederland og Storbritannia; og i mindre grad òg i Hamburg-området og Skandinavia) og Amerika lagar tradisjonelt ein ḥaróset som inneheld både frisk frukt (t.d. eple), tørka frukt (t.d. rosiner), nøtter, kanel og raudvin. Som nøtter brukar ein oftast mandlar og/eller valnøtter; er ein allergisk mot nøtter, kan ein bruke pinjekjernar eller solsikkefrø i staden. Det er mykje variasjon i oppskriftene frå stad til stad og frå familie til familie. Andre ingrediensar som stundom blir bruka inkluderer fiken, pærer, appelsinjus, eddik, banan og kokos — og nokre gonger til og med eit ørlite grann finmolen teglstein.

Når ein lagar sefardisk ḥaróset, legg ein først den tørka frukta i bløyt i vinen (eller appelsinjusen), deretter finhakkar eller raspar ein nøttene og dei friske fruktene. Nokre kokar dei tørka fruktene, andre kokar alle ingrediensane og nokre blandar alt rått. Sefardisk ḥaróset har oftast finhakka ingrediensar og det ferdige resultatet er oftast mørkt av farge, liknar på tjukt fikensyltetøy i konsistens og lèt seg lett forme. Mange sefardím trillar haróseten til olivenstore kuler for servering.

Askenasisk ḥaróset[endre | endre wikiteksten]

Askenasisk ḥaróset (jiddisch charóises) er mykjegodt likeeins over heile det askenasiske kulturområdet: Ein blandar grovhakka eple, grovhakka valnøtter (eller mandlar), kanel og litegrann raudvin og eventuelt honning. Askenasím kokar ikkje ḥaróseten sin. Det ferdige resultatet er oftast ein lysebrun til grå, lettvoren masse med tydeleg tekstur.