Har Adar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Har Adar is located in Vestbreidda
Plasseringa til Har Adar på Vestbreidda
Har Adar

Har Adar (hebraisk הר אדר), er ei israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Busetjinga vart grunnlagt i 1982. Folketalet er 2700.(2007) Har Adar ligg i Jerusalem-provinsen og vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten. Den israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda går aust for Har Adar, og skil dermed busetjinga frå resten av Vestbreidda.

Om lag 600 palestinske arbeidarar arbeider i Har Adar som dagpendlarar. Lokalstyresmaktene i Har Adar har forbode palestinarane å gå rundt i busetjinga på eiga hand, eller handla i butikken i Har Adar. Arbeidarane må køyrast rundt av arbeidsgjevarane sine dersom dei har ærend.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Har Adar Banning Movement of Palestinians frå Ynetnews 22. mars 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]