Harads

Koordinatar: 66°5′31.229″N 20°56′43.566″E / 66.09200806°N 20.94543500°E / 66.09200806; 20.94543500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

66°5′31.229″N 20°56′43.566″E / 66.09200806°N 20.94543500°E / 66.09200806; 20.94543500

Edefors kyrka ligg i Harads

Harads er ein tettstad i Bodens kommun i Norrbottens län i landskapet Norrbotten i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 558 innbyggjarar. Staden ligg på nordre side av Luleelva om lag 45 km nordvest for Boden langs Riksväg 97 mellom Luleå og Jokkmokk. Harads er sentrum for fleire småstader i Edefors församling og her finst Edefors kyrkje så vel som bibliotek, apotek, butikkar, verkstader og ein campingplass. Her ligg òg Kläppgårdens bygdegårds- och hembygdsmuseum og like utanfor sentrum finn vi utsiktspunktet «Utsiktsklippan» med utsikt over elvdalen.

Harads innehar varmerekorden i Norrland; 36,9 grader blei registrert den 17. juli 1945.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]