Harald Grønningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald Grønningen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. oktober 1934
Lensvik
Død

26. august 2016 (81 år)
Lensvik

Yrke langrennsløpar, friidrettsutøvar
Harald Grønningen på Commons

Harald Grønningen (9. oktober 193426. august 2016)[1] var ein norsk langrennsløpar frå Lensvik i Sør-Trøndelag som deltok internasjonalt for Noreg i åra frå 1958 til 1970. Han vart olympisk meister på 15 km under Vinter-OL 1968 og verdsmeister med Noregs lag i 4 x 10 km stafett då Ski-VM 1966 fann stad i Holmenkollen i Oslo. I alt vann han fem olympiske medaljar og to reine verdsmeisterskapsmedaljar. Grønningen sikra seg ni norske meisterskapstitlar og vart tildelt kongepokalen både i 1963 og 1967. I 1961 fekk han Holmenkollmedaljen, etter å ha vunne 15 km i Holmenkollen to år på rad. Dei fleste åra som aktiv var han medlem i SK Freidig i Trondheim, elles i Lensvik Idrettslag i heimbygda.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Harald Grønningen var nest yngst i ein flokk brør som tevla i langrennssporet, midt på 1950-talet. Under Ski-NM 1955 vart dei eldre brørne Arnold og Bjarne Grønningen høvesvis nummer 10 på 15 km og nummer 11 på 50 km. I sin beste sesong, OL-året 1956, vart Arnold Grønningen åttandemann på tremila i noregsmeisterskapen og nummer 11 på 15 km i Holmenkollen. Men frå 1957 var Harald Grønningen den seigaste i flokken av brør, då han så godt som kopierte storebroren sine plasseringar i NM og Kollen året før.

Han fekk sin meisterskapsdebut ved Ski-VM 1958 i Lahti, der han enda på 21. plass på 15 km. Den nye landslagstrenaren frå sommaren 1958, Kristen Kvello, tok som den fyrste trenaren, del i treningane på barmark. Frå den tida mintest Grønningen at Håkon Brusveen var den minst huga, medan Magnar Lundemo ofte var totalt utsliten av store treningsmengder.

1959-61[endre | endre wikiteksten]

Under Ski-NM 1959 vart Grønningen norsk meister for aller fyrste gong. På 15 km sigra han med 46 sekundars margin til sølvmedaljør Sivert Fagerholt. Han tok elles bronsen på tremila i same meisterskapen, medan han vart fjerdemann på 15 km i Holmenkollrenna. Under dei olympiske vinterleikane 1960 i Squaw Valley fekk Grønningen sølv i 4 x 10 stafett, saman med Hallgeir Brenden, Einar Østby og Håkon Brusveen. Vinteren 1960 gjekk Grønningen for fyrste gong til topps i eit internasjonalt renn. På 15-kilometeren i Lahti slo han finske Arto Tiainen med vell 11 sekundar. Også på 15 km i Holmenkollen kleiv Grønningen til topps på sigerspallen, her vart Hallgeir Brenden nummer to. Året etter kopierte Grønningen sigrane i Lahti og i Holmenkollen, i begge renna med svenske utøvarar på plassen bak, høvesvis Assar Rönnlund og Lars Olsson. Elles i 1961-sesongen kunne han bokføre sin fyrste femmilstriumf, på nær sagt heimebane i Trondheim vart han noregsmeister med nesten tre minuttar til gode på femmilsslukaren Sverre Stensheim, sølvmedaljøren.

1962-64[endre | endre wikiteksten]

Vinteren 1962 kneip Grønningen sølvmedaljen på 15 km under verdsmeisterskapen i Zakopane, klart slått av Assar Rönnlund. Elles i meisterskapen vart Grønningen nummer fire på tremila og kom i mål til femteplass på femmila. På tremila var han i mål åtte sekundar bak bronsemedaljøren, på femmila 20 sekundar unna sølvmedaljen. Også i Holmenkollrenna vart Grønningen andremann på 15 km, finske Eero Mäntyranta vann tevlinga. Mest imponerte Grønningen då han sigra på 15 km i Lahti, noko som gjorde at han vart tildelt Lahti-medaljen. To dagar seinare plasserte han seg som nummer to då Noreg og Trøndelag syrgde for ein historisk Lahti-triumf. Sjølv meinte han det var ein smurningstriumf som førte til at Stensheim vann ein suveren siger, framfor han sjølv, og med Lundemo på tredjeplass. Grønningen forklarte elles dei gode resultata i Lahti med at dei breie spora i Lahti passa han vel.

I 1963-sesongen deltok Grønningen i 57 renn og vann 17 av dei, medan han var pallplass i til saman 41 renn. Sesongen tok til med eit par korte renn i Hedmark midt i oktober månad 1962, og vart avslutta på Ørskogfjellet 28. april 1963. I dei største internasjonale renna kom han til kort, men han vann to suverene NM-gull, fyrst på 30 km i Rælingen og sidan på 50 km i Kristiansand. Sigeren på femmila var han tredje rake i noregsmeisterskap. Under Vinter-OL 1964 var Grønningen Noregs største håp i langrenna, og han skuffa ikkje. Både på 30 km og på 15 km tok han sølv, i begge tevlingane måtte han sjå seg klart slått av Eero Mäntyranta. Etter Innsbruck-leikane førte sjukdom til at han knappast kom til startstrek.

1965-67[endre | endre wikiteksten]

1965-sesongen var så godt som mislukka for Grønningen, einast sigeren i Monolittrennet i Oslo på nyåret lyste opp. Då Ski-VM 1966 fann stad i Oslo, gjekk Grønningen ein sterk andreetappe for det norske laget som vann ein suveren siger. Dei andre gullmedaljørane var Odd Martinsen, Ole Ellefsæter og Gjermund Eggen. Individuelt vart Grønningen nummer sju både på 30 km og 50 km. I noregsmeisterskapen 1966 vann han bronsen på 15 km og på 50 km. Vinteren 1967 var Grønningen atter Noregs beste langrennar. Då noregsmeisterskapen vart avvikla i Skorovatn i Nordland, vann han begge tevlingane, 15 km og 30 km, medan han på den avsluttande NM-femmila i Mo i Rana, enda på andreplassen. Under Svenska skidspelen i Falun vart Grønningen nummer to på tremila, Kalevi Laurila frå Finland gjekk fortare. På 15 km i Holmenkollrenna vart Grønningen nummer tre.

Det norske mannskapet som vann 4 x 10 km stafett under Vinter-OL 1968. Frå venstre, Odd Martinsen, Harald Grønningen, Ole Ellefsæter og Pål Tyldum

1968[endre | endre wikiteksten]

Framom dei olympiske leikane i Grenoble i 1968, høyrde Grønningen ikkje med mellom dei største medaljekandidatane. Rett nok hadde han sikra seg NM-sølv på 50 km og deretter, framom Pål Tyldum, vunne NM-gull på 30 km. På 15-kilometeren i Grenoble fekk han start nummer 4, noko som skulle vise seg å vere ein stor fordel i kampen om gullmedaljen. Ettersom skiføret forverra seg, gjekk det trårare for den finske favoritten, Eero Mäntyranta, som til sist måtte sjå seg slått av Grønningen med 1,9 sekundar i kampen om OL-gullet. Fire dagar etter vann Grønningen sitt andre OL-gull, han gjekk den tredje etappen då han og Martinsen, Tyldum og Ellefsæter vann den fyrste olympiske gullmedaljen i stafett for Noreg.

1969-72[endre | endre wikiteksten]

Sesongane 1969 og 1970 hevda Grønningen seg framleis i nasjonale og internasjonale topprenn, men det var langt mellom pallplasseringane. To bronsemedaljar under Ski-NM 1970 var det beste i nasjonale tevlingar. I Ski-VM 1970 kom han på niandeplass på 15 km. Dei to siste vintrane han var aktiv, 1971 og 1972, deltok Grønningen einast i nasjonale renn.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Harald Grønningen er død». Dagbladet. Henta 26. august 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]