Harald III av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harald III av Noreg

Harald III Hardråde (101525. september 1066) var norsk konge frå 1040. Han var son til småkongen Sigurd Syr og Åsta Gudbrandsdotter. Difor vert han omtala som Harald Sigurdsson.

Harald var halvbror til Olav II den heilage (same mor) og truleg sonesons soneson til kong Harald I Hårfagre. Etter slaget ved Stiklestad i 1030 måtte han flykta frå landet.

Fyrst var Harald Hardråde konge saman med Magnus I Olavsson den gode. Frå 1047 var han einekonge. Han var konge til 1066 då han fall i slaget ved Stamford bru. Harald Hardråde vert rekna som grunnleggjar av Oslo by. Grunnlegginga skal ha skjedd om lag år 1050.

Kongen var den tredje i den norske kongerekka som bar namnet Harald.

I Heimskringla av islendingen Snorre Sturlason kan ein lesa soga om Harald Hardråde og om andre norske kongar.