Harald I av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Harald I av Danmark (ca. 9111. november 987), med tilnamnet Blåtann eller Blåtand, var son av Gorm den Gamle og Thyra. Han var konge av Danmark frå 940 og av Noreg frå om lag 970. Harald vart drepen under sonen Svend Tveskæg sitt opprør.

I 960 innførde Harald Blåtann kristendommen i Danmark, og oppretta bispesete i Slesvig, Ribe og Århus. Han fekk òg makta i Noreg ved å setja inn fostersonen Harald II Gråfell som norsk konge om lag 960. Harald Gråfell vart myrda i 970 av Håkon Sigurdsson Jarl, som i 986 vann makta i Noreg ved slaget i Hjørungavåg.

Harald Blåtann utvida òg riket sitt mot sør, men kunne ikkje stogga keisar Otto II av det tysk-romerske riket ved Danevirke i 974.

I JellingJylland omgjorde Harald Blåtann ein heiden kultstad og gravplass med to store haugar til ein kristen kultstad og sette opp ein bilet- og runestein, den største av dei to såkalla Jellingsteinane, som ei stadfesting av at han hadde kristna Danmark og erobra Noreg.

Før i kongerekkja:
Gorm den Gamle
Konge av Danmark Etter i kongerekkja:
Svein I av Danmark
Håkon Sigurdsson Ladejarl
Harald II Gråfell Konge av Noreg