Harald Maartmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald Maartmann
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. januar 1926
Oslo
Død

1. januar 2021 (94 år)

Yrke langrennsløpar
Far Rolf Maartmann

Harald Rolf Maartmann (fødd 5. januar 1926, død 2. januar 2020) er ein norsk, tidlegare langrennsløpar frå Oslo og som gjekk for Idrettslaget Heming i Oslo. Han vart noregsmeister både på 17 km og 50 km i 1950. Fotballspelaren Rolf Maartmann var far hans.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Maartmann slo gjennom då han i 1949 vart nummer tre på femmila i Holmenkollrenna bak to svenskar. I 1950-sesongen vart han dobbelt noregsmeister då han vann både 17-kilometeren og femmila i noregsmeisterskapen. Han deltok i verdsmeisterskapen på ski i Lake Placid, der han vart nummer sju på 18 km og kom på femteplassen på femmila, på den lengste distansen hadde han fire svenskar framom seg på resultatlista. Sist i VM-sesongen viste han atter at han var ein habil milslukar då han vart nummer to i Holmenkollen, sigeren gjekk til Anders Törnkvist, ein av svenskane som også var framom han på VM-femmila.

I 1951 vart Maartmann nummer seks og beste nordmann på 50 km i Svenska skidspelen i Sundsvall. Både i 1951 og -52 fekk han bronsemedalje på femmila i NM. Maartmann gjekk under vinterolympiaden i Oslo i 1952 inn til åttandeplass på 50-kilometeren, ti muttar og ti sekundar etter olympiameisteren Veikko Hakulinen frå Finland.

Maartmann la langrennskia på hylla og var i 1952-53 forstmann i delstaten Oregon i USA. ar

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • P.Chr. Andersen:Den nye olympiaboken. 1957