Harald Ulrik Sverdrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om oseanografen. For presten og stortingsmannen, sjå Harald U. Sverdrup.

Harald Ulrik Sverdrup (fødd 15. november 1888 i Sogndal, død 21. august 1957 i Oslo) var ein norsk oseanograf og meteorolog og ein verdskjend vitskapsmann. I USA er han rekna som grunnleggjaren av den moderne skulen i fysisk oseanografi.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Etter examen artium i 1906 ved Kongsgård skole i Stavanger, der familien flytta i 1901, reiste han til Kristiania og gjennomførte der Krigsskulen med gode idrettsprestasjonar. Han starta så å studere realfag med ønske om å verte astronom. Han vart derimot ført inn på meteorologi av professor Vilhelm Bjerknes, som han i 1911 vart assistent for. Dette sa han «blev avgjørende for min fremtid». Han reiste med Bjerknes til Leipzig, der han fullførte embetseksamenen og tok doktorgraden med avhandlinga Der Nordatlantische Passat.

Då første verdskrigen braut ut vart det naudsynt å forlate Leipzig, og han takk derfor ja til tilbodet frå Roald Amundsen om å leie dei vitskaplege undersøkingane under Maud-ekspedisjonen. Dei reiste frå Noreg i 1918, men vart fanga i ismassane langs nordkysten av Russland. Under den andre overvintringa her studerte Sverdrup dei lokale tsjuktsjarane i sju månader. Den etnografiske skildringa hans Blandt rentsjuktsjere og lamuter, vart ein viktig del av boka til Amundsen om ekspedisjonen. Sverdrup har seinare forklart at han utan å vite om det lærte seg det tsjuktsjiske kvinnespråket, og ikkje mannspråket. 1921 var nok eit år fastlåst i isen, før Amundsen gav opp skipet til fordel for arktiske flygingar. Medan «Maud» vart reparert i Seattle, vart Sverdrup assistent ved Carnegie Institute si avdeling for jordmagnetiske undersøkingar i Washington, som i mange år hadde støtta arbeidet til Bjerknes økonomisk.

I 1922 drog «Maud» nordover att og Sverdrup vart med, men utan Amundsen. Igjen vart dei fanga i isen og dreiv rundt ved Nysibirøyane til dei i 1925 kom til Nome. Maud-ekspedisjonen var ikkje særskild vellukka, men Sverdrup fekk gjennomført store og banebrytande vitskaplege arbeid, som førte han heilt fremst i den meteorologiske og oseanografiske vitskapen. Særleg vart teorien hans kring tidvasstraumar epokegjerande.

I 1926 overtok han for Bjerknes som professor i dynamisk meteorologi ved Geofysisk institutt i Bergen, men var òg ein del ved Carnegie Institute, der han mellom anna handsama dei store datamengdene han hadde frå Maud-ekspedisjonen. Frå 1931 til 1940 hadde han ei forskarstilling i geofysikk ved Chr. Michelsens institutt. Sommaren 1931 vart han med den australskfødde polarforskaren Hubert Wilkins i eit forsøk på å undersøke isen i Arktis frå undersida med den utrangerte ubåten ««Nautilus»», ein tidlegare amerikansk ubåt frå første verdskrigen. Dei kom seg aldri under isen då høgderoret var øydelagd. Etter ekspedisjonen vart Nautilus søkkt utanfor Askøy. Sjølv om ekspedisjonen var mislukka, fekk Sverdrup igjen verdifulle data. I 1934 var Sverdrup i saman med den svenske professoren Hans W:son Ahlmann på ein ekspedisjon til Svalbard.

Med permisjon frå Chr. Michelsens institutt vart han direktør for Scripps Institute of Oceanography (SIO) i California i 1936, ei stilling han på grunn av krigen hadde heilt til 1948. I løpet av desse 12 åra bygde Sverdrup institusjonen opp til å verte eit viktig fagleg senter. Planen hans var å reise attende til Noreg, men andre verdskrigen sette ein stoppar for det. Han vart då amerikansk statsborgar for å ikkje verte hindra i det faglege arbeidet sitt. I California utvikla han mellom anna i samarbeid med Walter Munk den første eksisterande bølgjevarslingsmodellen. Han vart nytta under invasjonen til dei allierte i Normandie under andre verdskrigen. Her var han òg hovudforfattar til det oseanografiske standardverket The Oceans: Their Physics, Chemistry and General Biology , første gongen utgjeve i 1942, og skriven i lag med Martin W. Johnson og Richard H. Fleming. Ei ny utgåve kom ut i 1970.

I 1948 reiste Sverdrup heim att til Noreg for å bygge opp det utvida Norsk Polarinstitutt, der han vart direktør. Det første han gjorde var å gjennomføre den store norsk-britisk-svenske Maudheim-ekspedisjonen til Antarktis 1949–1952, og Antarktis vart hovudsatningsområdet hans ved ved instituttet. Medan han var direktør ved instituttet brukte han òg mykje tid ved Universitetet i Oslo som professor II i geofysikk, som direktør for sommarskulen, og dekanus for Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet i Oslo 1954–1957, der han var sentral i arbeidet med å endre pensumet frå tysk til amerikansk retning, og som prorektor frå mai 1957. Frå 1952 var han òg formann for det norske Indiafondet som var eit stort uhjelpsprosjekt. I perioden som dekanus ved UiO, stod han for «Sverdrup-planen» som medførde ei storstilt utbygging av universiteta i Oslo og Bergen tidleg på 1960-talet.

Sverdrup døydde uventa i Oslo i august 1957.

Prisar og utnemningar[endre | endre wikiteksten]

Han var medlem av United States National Academy of Sciences og Det Norske Videnskaps-Akademi. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1926 og kommandør i 1949. Han var òg kommandør i den danske Dannebrogordenen, den svenske Nordstjerneordenen og av den franske Ordre du Mérite Maritime.

Den fysiske eininga for styrken til havstraumar, eininga sverdrup, er kalla etter han. 1 Sv = 1 million kubikkmeter vatn per sekund. SverdrupisenNordaustlandet i Svalbard er kalla opp etter han, like så H.U. Sverdrupfjella i Dronning Maud Land.

American Meteorological Society oppretta i 1960 eit fond til minne om han, Sverdrup Memorial Foundation, som delar ut Sverdrups gullmedalje for framragande vitskapleg arbeid innan meteorologi og oseanografi.

Utgjevingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Der nordatlantische Passat, doktoravhandling, Leipzig 1917
  • Blandt rentsjuktsjere og lamuter, i R. Amundsen: Nordostpassagen, 1921
  • Tre aar i isen med “Maud”. Med et tillæg om en slædereise rundt Tsjuktsjerhalvøen, 1926
  • Hvorledes og hvorfor med “Nautilus”, 1931
  • The Oceans, Their Physics, Chemistry and General Biology (saman med M. W. Johnson og R. H. Fleming), New York 1942
  • Oceanography for meteorologists, New York 1942
  • Havlære. Alminnelig havlære, vannmasser og strømforhold utenfor norskekysten, 1952
  • Dagbok over utført arbeid 1/1–1919 – 19/1–1921. Maudexpeditionen 1. januar – 14. april 1919, 6. september 1920 – 19. januar 1921, Norsk Polarinstitutt, Tromsø
  • brev og andre papir i arkiva ved Scripps, Geofysisk Institutt UiB, Norsk Polarinstitutt, RA, NBO, Ahlmannarkivet Vetenskapsakademien Stockholm

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]