Harald Wedel-Jarlsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald Wedel-Jarlsberg

Harald Wedel-Jarlsberg måla av Asta Nørregaard. Måleri frå 1914 etter eit foto frå rundt 1870.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. februar 1811
Vækerø
Død

4. januar 1897 (85 år)

Yrke godseigar, politikar
Språk norsk
Far Herman Wedel-Jarlsberg
Mor Karen Wedel-Jarlsberg
Ektefelle Elise Frederikke Butenschøn
Harald Wedel-Jarlsberg på Commons

Harald Wedel-Jarlsberg (10. februar 18114. januar 1897) var ein norsk godseigar og politikar frå Aker i dåverande Akershus amt. Herman Wedel-Jarlsberg var far hans.

Harald Wedel-Jarlsberg var offiser i marinen frå 1832 til han tok avskjed som premierløytnant i 1846. Frå 1837 var han styrar av Bærum jarnverk og budde der sidan. I 1840 fekk han styringa over samtlege godseigedomar etter far sin, som døydde det året. Han vart eigar av desse eigedomane i 1853, med unnatak for storgarden Bogstad og det tidlegare Jarlsberg grevskap. Med sine vidstrakte skogeigedomar dreiv han stor skogsdrift og trelastforedling, særleg etter at drifta ved jarnverket vart nedlagt i 1872.

Wedel-Jarlsberg var i mange år medlem av heradsstyret i Bærum og ordførar. Han var medlem av to kongelege kommisjonar, 1853 og 1865, som såg på drifta av Kongsberg sølvverk. Både i 1862-63 og 1865-66 representerte han Akershus amtStortinget, og elles på omframtstortinget 1864. Han var i 1862-63 medlem av næringskomite nr 2 og av komiteen om skoglova og matrikkellova. I 1864 var han med i komiteen som arbeidde med seinkinga av innsjøen Øyeren, og i 1865-66 medlem av Lagtinget og næringskomite nr 2.

Han var leiar av Norges Vel i perioden 1882-87.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]