Haraldshaugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°25′44.137″N 5°15′31.846″E

Haraldsstøtta på Haraldshaugen
Foto: Sjoehest
Haraldsstøtta før 1900.
Foto: Ole Tobias Olsen / Nasjonalbiblioteket

Haraldshaugen er ein haug med Noregs Riksmonument som står nord for Haugesund sentrum. Monumentet vart avduka på Hafrsfjorddagen den 18. juli 1872, i ein 1000-årsfest for slaget i Hafrsfjord og rikssamlinga. Ein rekna då med at denne dagen var nett 1000 år etter slaget og at Harald Hårfagre skulle ha vore gravlagd i haugen.

Monumentet er laga som ein stor gravhaug omgitt av ein granittmur med 29 bautasteinar, en frå kvar av dei gamle norske fylka.[1]På toppen av haugen står ein 17 meter høg granittobelisk, med fire bronsepanel rundt basis. Kvar av panela syner viktige scener frå livet til Harald Hårfagre. Monumentet er teikna av arkitekt Christian Christie.[2]

Haraldshaugen er tusenårsstaden til Haugesund.

Ivar Aasen har skrive eit dikt om Haraldshaugen, fyrste vers lyder slik:[3]

Her ser eg Haralds
Haug fyre Augom;
lenge var eg lystad
at lydast til honom.
Botnad paa Berget
berrsynt mun han standa
millom Hump og Hamar
paa Hauga-Landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Haraldshaugen