Hardanger Folkehøgskule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hardanger Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule som ligg i tettstaden Lofthus i Ullensvang herad i Hardanger i Hordaland fylke. Skulen har eit elevtal på om lag 90 elevar og er eigd av Hardanger Høgskulelag.

Skulen vart starta opp i 1869, og flytta til Hordatun på Lofthus i 1917. Skulen er oppattbygd etter ein brann i 1937, og har fornya seg mykje sidan den tid. I dag har skulen m.a. både gymsal, utandørs fotballbane og ridebane. Lokala vert brukt som vandrarheim utanfor skuleåret.

Skulen har desse linjene:

  • 2dimensjonalt
  • Friluftsliv
  • Idrett med fordjuping i fotball
  • Idrett og friluftsliv
  • Jakt og fiske med fokus på storviltjakt
  • Klær og design
  • Solidaritetsarbeid
  • Hest

Dei fleste linjene og mykje av aktiviteten på skulen er retta mot kultur og natur i Hardanger.

På tunet til Hardanger Folkehøgskule står det ein bauta av Jon Mannsåker, som lenge var styrar for folkehøgskulen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]