Hardanger Folkemuseum

Koordinatar: 60°25′33.798″N 6°37′9.3468″E / 60.42605500°N 6.619263000°E / 60.42605500; 6.619263000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°25′33.798″N 6°37′9.3468″E / 60.42605500°N 6.619263000°E / 60.42605500; 6.619263000

Hardanger Folkemuseum på Utne
Foto: Jarle Vines

Hardanger Folkemuseum er eit museum som ligg på Utne, ytst på Folgefonnhalvøya. Det vart skipa i 1911.[1] Det er del av Hardanger og Voss museum.

Muséet har temautstillingar rundt Hardanger sin kultur og historie, og dessutan varierande kunstutstillingar.

Noko av det muséet viser fram, er ei gjenskaping av eit klyngjetun frå tida før 1800-talet, ein gamaldags frukthage, eit gamalt skulehus frå Djønno, ei samling av bunader, hardingfeler, naust og ein landhandel. Det er Hardanger Folkemuseum som eig friluftsmuséet Skredhaugen utanfor Lofthus, og muséet samarbeider med Agatunet.

Muséet har ope heile året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hardanger folkemuseum - Om oss». Hardanger folkemuseum. Henta 24. oktober 2016.