Hardangervidda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bilete frå 2001 av Hardangervidda

Hardangervidda er ei fjellvidde i Hordaland, Buskerud og Telemark, som er rekna som det største fjellplåtaet i Nord-Europa. Nasjonalparken Hardangervidda nasjonalpark vart stifta i 1981.

Hardangervidda er populær til både turgåing og jakt. Den norske turistforening har i alt 26 hytter på og i nærleiken av nasjonalparken.

Vidda[endre | endre wikiteksten]

Hardangervidda omfattar eit område på ca. 8 000 km² og er det største høgfjellsplatået i Nord-Europa. Platået har ei gjennomsnittleg høgd høgd på ca. 1 100–1 200 moh, men i nord hevar Hardangerjøkulen seg til nesten 1 900 moh og i sør når Nupsegga ved Røldal opp til 1 674 moh. Grunnplatået består av prekambrisk grunnfjell, i hovudsak dominert av hard gneis og granitt på austvidda.

Hardangervidda vart isfri for omkring 9 000 år sidan. Etter kvart voks det fram eit dekke av lav, som gav næringsgrunnlag for villreinen. Ein meiner at mennesket kom til vidda om lag samstundes med at reinen etablerte seg der, og det er funne omkring 250 steinalderbustader der. Den eldste er frå om lag år 6 300 f.Kr.

Det høgaste punktet på Hardangervidda er Sandfloeggi som er 1 721 moh. Andre toppar er Hårteigen, 1 690 moh, Nupsegga, 1 674 moh og Solfonn, 1 674 moh.

Nasjonalparken[endre | endre wikiteksten]

Av Hardangervidda er 3 444 758 dekar verna som den største nasjonalparken i Noreg. Parken, som vart oppretta den 10. april 1981, strekkjer seg frå Numedal og Uvdal i aust til Røvelseggi i Ullensvang i vest.

Nasjonalparken representerer eit særleg verdifullt høgfjellsområde. Han er viktig som tilhaldsstad for Europa sin største villreinstamme, og er sørlegaste utpost for fjellrev, snøugle og mange andre arter av arktiske planter og dyr. Nasjonalparken er òg kjent for sine talrike vatn og vassdrag med fin fjellaure.

Plante og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Vivassvatnet på Hardangervidda

Hardangervidda har eit plante- og dyreliv som er typisk for sørnorske fjellområde. Vidda dannar òg ei naturleg grense for utbreiinga av ei rekkje plante- og dyreartar i Noreg, samstundes som som ho har ei rekkje karakterartar for høgfjell, til dømes jaktfalk, kongeørn, fjellrev og tidvis snøugle. Òg jerv streifar på vidda, men det er ikkje kjent at jerven held til der permanent.

Villreinstamma på Hardangervidda er den største i Noreg og Europa, og her finn ein mellom anna restar etter den opphavlege europeiske fjellreinen (som elles er utdøydd).

I og rundt dei rike våtmarks- og myrområde i fjellet finst òg elles eit stort artsmangfald. I dei mange grunne vatna på vidda er aureen einerådande, noko som er unikt i eit så stort område på verdsbasis.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Hardangervidda vert kryssa av bilveg

Hardangervidda er eit populært turmål for mange og DNT (Den Norske Turistforeningen) har mange turisthytter der. I påsken er det populært for mange å gå frå hytte til hytte på Hardangervidda.

Nordmannsslepa, som er dei eldste ferdselrutene innlands mellom Østlandet og Vestlandet, går tvers over vidda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]