Hardangervidda nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hardangervidda nasjonalpark
Område Hordaland, Telemark, Buskerud
Oppretta 1981
Areal 000000000003422.00000000003 422 km²

Hardangervidda er den største nasjonalparken i Noreg og det største fjellplåtaet i Nord-Europa. Nasjonalparken vart stifta i 1981. Hardangervidda ligg i tre fylke, Hordaland, Telemark og Buskerud.

Dette er den største nasjonalparken i Noreg, og parken har eit særleg verdifullt høgfjellsområde. Den norske turistforening har i alt 26 hytter på og i nærleiken av nasjonalparken. Området er tilhaldsstad for dei største villreinflokkane i Europa, og den sørlegaste utposten for fjellrev, snøugle og mange andre arktiske artar. Hardengerviddas høgste punkt er Sandfloeggi som er 1721 moh.

Hardangervidda, bilete frå 2004

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalparken ligg i Odda,Ullensvang og Eidfjord kommunar i Hordaland, Vinje og Tinn kommunar i Telemark, Hol, Nore og Uvdal kommunar i Buskerud. Det samla arealet i nasjonalparken er om lag 3422 km² . Av dette ligg ca. 1813 km² i Hordaland fylke, 767 km² i Telemark fylke og 842 km² i Buskerud fylke.

Verneformål[endre | endre wikiteksten]

Føremålet med Hardangervidda nasjonalpark er å verne ein del av eit særleg verdfullt høgfjellsområde på ein slik måte at landskapet med planter, dyreliv, natur- og kulturminne og kulturmiljøet elles vert bevart, samstundes som området skal kunne nyttast for landbruk, naturvenleg friluftsliv og naturoppleving, jakt og fiske og undervisning og forsking.

Bruk av nasjonalparken[endre | endre wikiteksten]

Grunneigarar og andre rettshavarar har eigedomsrett og bruksrett i nasjonalparken, og kan nytte rettane i den grad det ikkje kjem i strid med verneformålet. Det same gjeld bruk av allmenningsrettar etter fjellova.

Hardangervidda er populær til både turgåing, jakt og fiske. Motorferdsle er strengt regulert, men forvaltningen kan gje løyve til motorferdsle til turisthytter i området og til landbruk, garnfiske og storviltjakt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]