Hareid kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 62°22′2″N 6°1′46″E

Hareid kyrkje
Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Møre
Prosti:  Søre Sunnmøre
Prestegjeld:  Ulstein
Fellesråd:  Hareid
Sokn:  Hareid
Innvigd:  13. desember 1877[1]
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Arkitekt:  Heinrich Ernst Schirmer/Wilhelm von Hanno
Materiale:  Tre
Kyrkjerommet
Altartavle:  Frå 1660
Plassar:  500

Hareid kyrkje er ei langkyrkje frå 1877 på Hareid i Hareid kommune i Møre og Romsdal fylke.

Byggverket er i tre og har 500 sitjeplasser.

Kyrkja vart, til liks med Vartdal kyrkje, ført opp etter teikningane som var laga for Ørsta kyrkje. Teikningane var laga av Heinrich Ernst Schirmer/Wilhelm von Hanno. Det vart gjort ein del lokale tilpassingar.[1]

Hareid kyrkje (Møre og Romsdal)
Hareid kyrkje
Plasseringa til Hareid kyrkje

Altertavla er frå 1660 og er laga av skotten Andrew Smith. Ho stod opphavleg i Stavanger hosiptalkyrkje og vart seld på auksjon i 1815.[2]

Hareid kyrkje er soknekyrkje i Hareid sokn, Ulstein prestegjeld, Søre Sunnmøre prosti i Møre bispedømme. Ho er den einaste kyrkja i Den norske kyrkja i Hareid kommune.

Innhaldsliste

[endre] Tidlegare kyrkjer på Hareid

Det har vore kyrkje på Hareid sidan mellomalderen. Mellomalderkyrkja, som var ei stavkyrkje, stod til 25. februar 1806 då ho brann ned etter eit lynnedslag. Til erstatning vart det bygd ei åttekantkyrkje i tre. Ho vart teken i bruk i 1807 og stod i kring 70 år. Då hadde ho byrja sige og dei fann det best å byggje ny kyrkje.[1]

[endre] Kjelder

[endre] Referansar

[endre] Bakgrunnsstoff


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk