Hareidlandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hareidlandet
Geografi
Norway - Hareidlandet.png
Stad Sunnmøre
Koordinatar 62°21′N 05°57′EKoordinatar: 62°21′N 05°57′E
Areal 166 km²
Høgaste punkt Blåtinden (697 moh.)
Administrasjon
Land Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Største busetnad Ulsteinvik (5621 innb.)

Hareidlandet er den største øya på Sunnmøre. I gammal tid var namnet på øya Hǫð. På moderne norsk vert skrivemåten Hod og på moderne islandsk Höđ. Flatemålet er vel 166 kvadratkilometer. Øya ligg i kommunane Hareid og Ulstein. Innbyggjartalet er omlag 11 500 (2012), men det er berre ei lita bru over til Dimna med 1 355 innbyggjarar (2012). Utanom Dimna har Hareidlandet samband med Gurskøya over Dragsundbrua. Eiksundsambandet knyter Hareidlandet til fastlandet. Først med bru over til øya Eika i Ulstein og dernest med undersjøisk tunnel under Vartdalsfjorden til Ørsta og Volda. Eiksundtunnelen er verdas djupaste undersjøiske vegtunnel og går 287 meter under havet.

Det er fire tettstader på øya. Ulsteinvik med 5 621 innbyggjarar, Hareid med 3 900, Brandal med 329 og Haddal med 307. Tala er frå 2011. Ulsteinvik er eit viktig senter for maritim industri, både nasjonalt og internasjonalt, og er også eit viktig handelssenter. Delar av tettstaden ligg ikkje på Hareidlandet, men på Dimna. Frå Hareid er det hurtigbåtsamband til Valderøya i Giske kommune og til Ålesund. Frå Hareid er det også ferjesamband til Sulasundet i Sula kommune.

Mange meiner at slaget i det historiske Hjörungavágr (Ca år 986) stod utanfor Liavågen i Hareid. I tråd med denne teorien har bygda skifta namn til Hjørungavåg.

Høgste fjellet på øya er Blåtinden (697 moh.) i Ulstein, nest høgste er Kongsvollen (683 moh.), som er grensefjell mellom Ulstein og Hareid. Deretter kjem fjella Melshornet (668 moh.) i Hareid og Garnestua (654 moh) i Ulstein.

Hareidlandet med bygdelaga Hjørungavåg, Hareid og Brandal, sett frå aust
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk