Harerug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harerug


Harerug
Harerug

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Familie: Slireknefamilien
Slekt: Bistorta

(L.) (Delarbre

Art: B. vivipara
Vitskapleg namn
Bistorta vivipara

Harerug (Bistorta vivipara (L.) (Delarbre, evt. Polygonum viviparum L. eller Persicariaa vivipara (L.) Ronse Decr.) er ein om lag 15 cm høg fleirårig plante i slireknefamilien. Han har ein mørk knebøygd jordstengel og ugreina stengel. Dei nedste blada er langskafta og lansettforma. Lenger oppe på stengelen er dei smalare og lysare og har kortare bladstilk. Blomsterstanden er eit aks der det sit kvite eller bleikraude blomstrar. Frukta er ei nøtt. Men sidan planten ofte har flest hanblomstrar vert det lite eller ingen frukt på akset. I staden har akset ofte mange yngleknuppar. Dei utviklar seg gjerne med grøne blad før dei dett av morplanten.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Harerug er vanleg over mest heile Noreg. Han er ikkje vanleg i låglandet sør om Oslo. Han veks mellom vekslande vegetasjon, og høgt til fjells. På Galdhøpiggen er han funnen i 2280 meters høgd. Elles er han vanleg nord til Jan Mayen, Bjørnøya og Svalbard. Utanom Noreg har planten sirkumboreal eller sirkompolar utbreiing.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Både jordstengelen, blada, fruktene og yngleknuppane er etande. Det er helst born som har brukt å ete harerug. Dei kan ha teke opp jordstengelen, putta yngleknuppane rett i munnen eller teke dei med inn og ete dei saman med mjølk.

Tidlegare høyrer vi at planten har vore brukt som tilskot til mathaldet, helst då i dårlege år. Yngleknuppane har då vorte tørka, malne og brukt i brødet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]