Hargeisa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hargeisa
none
Land Flag of Somaliland.svg Somaliland
Distrikt Woqooyi Galbeed
Folketal 1 300 000
Tidssone U+3

Hargeisa (somali Hargeysa, arabisk هرجيسا, 'Vesle Harar') er hovudstad og den største byen i Somaliland, ein ikkje-anerkjend stat nord i Somalia. I Somalia er han den nest største byen.[1] Ifølgje somaliske styresmakter ligg Hargeysa i Woqooyi Galbeed-regionen, medan han i somalilandsk praksis er hovudstad for Hargeisa-regionen. Ein reknar med at byen har noko over 600 000 innbyggjarar.

Hargeisa var kolonihovudstad i Britisk Somaliland frå 1941 til 26. juni 1960, og deretter hovudstad for den sjølvstendige Somaliland-staten fram til 1. juli same året, då området blei del av Somalia.

Byen blei lagt i ruinar av den somaliske diktatoren Mohammed Siad Barre og svigersonen Mohamed Said Hirsi (Morgan), også kalla «Slaktaren frå Hargeisa». Sidan 1991 har byen blitt gjenoppbygd.

Hargeisa har ein internasjonal flyplass med flysamband til mellom anna Addis Abeba, Djibouti og Dubai. Innan byen og mellom Hargeisa og andre byar er buss eit utbreidd transportmiddel.

Byen har fleire universitet og høgskular, mellom anna Universitetet i Hargeisa og Edna Adan universitetssjukehus.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hargeisa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Somalia: largest cities and towns and statistics of their population». world-gazetteer.com. Arkivert frå originalen den 2013-02-09. http://archive.is/B4XYZ. Henta October 19, 2012.