Harirud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harirud ved minareten i Jam.

Harirud er ei elv som renn frå fjella i sentrale Afghanistan til Turkmenistan, der ho forsvinn i Karakom-ørkenen. Rud betyr 'elv' på persisk, slik at elva også kan kallast Hari-elva. Det turkmenske namnet er Tejen eller Tedzhen. På latin blei ho kalla Arius.[1]

Harirud er rundt 1100 km lang.[1] Ho oppstår i Baba-fjella, ein del av Hindukush . Elva følgjer ei relativt rett rute mot vest. Ho renn nord for Chaghcharan og sør for Herat, som er opphav til namnet hennar.[1] Elva renn saman med Jamrud ved minareten i Jam.

Etter Herat svinger elva mot nordvest og så nord, og utgjer ein del av grensa mellom Afghanistan og Iran. Vidare nord utgjer ho den sørausteige delen av grensa mellom Iran og Turkmenistan.

I Turkmenistan, der elva er kjend som Tedzhen, passerer elva nær byen Tedzhen. Deretter renn ho ut i Karakom-ørkenen og fordampar.[1]

Elva vatnar ein god del dyrka mark i Afghanistan.[1] Særleg Herat-dalen er kjend for å vera fruktbar og tett dyrka. I 2000 tørka elva heilt ut, etter tørke som varte i 10 månader.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Harirud

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Harīrūd, Encyclopædia Britannica (2013) britannica.com
  2. Parvand News Jan 3, 2001 Iran-Turkmen river flowing again after drought, Payvand News (1/3/01) payvand.com