Haris Silajdžić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Haris Silajdžić

Haris Silajdžić, fødd 1. oktober 1945 i Sarajevo, er ein bosnisk politikar, og den bosnjakiske representanten i det kollektive presidentskapet i Bosnia-Hercegovina sidan 1. oktober 2006.

Silajdžić studerte historie i Priština i Kosovo. Seinare underviste han ved det same universitetet. I 1990 vart han med i toppleiinga i det hovudsakleg bosnjakiske Partiet for demokratisk handling (Stranka Demokratske Akcije - SDA), leia av Alija Izetbegović. Etter at SDA vann det første frie parlamentsvalet i Bosnia-Hercegovina i november og desember 1990 vart Silajdžić utanriksminister. Han fekk dermed jobben med å representera den bosniske regjeringa internasjonalt under den bosniske krigen som braut ut i 1992. Han var statsminister frå 1993 til 1995 og var med i den bosnjakiske delegasjonen som forhandla fram Dayton-avtalen som gjorde slutt på krigen, ein avtale han har vore ein sterk motstandar av sidan krigen.

Silajdžić braut med Izetbegović og melde seg ut av SDA i 1997, og grunnla sitt eige parti, Partiet for Bosnia og Hercegovina (Stranka za Bosnu i Hercegovinu). Han stilte til val som presidentkandidat ved valet i 2002, men vart slått av SDA sin kandidat, Sulejman Tihić. I 2006 stilte han til val igjen, med lovnad om å gjera slutt på delinga av landet i ein bosnisk-kroatisk føderasjon og ein serbisk republikk. Han vann valet, med 40,4 % av røystene mot 17,9 % for Tihić[1], og vart bosnjakisk representant i det kollektive presidentskapet i Bosnia-Hercegovina.

I valet til ny bosnjakisk representant i presidentskapet, 3. oktober 2010, kom han på tredjeplass med 25,1 % av røystene og mista dermed plassen sin til Bakir Izetbegović.