Harkerbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harkerbreen
isbre
Harkerbreen er ein av fleire tidvassbrear i Cumberland Bay.
Land  Storbritannia
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°22′0.12″S 36°31′59.88″W / 54.3667000°S 36.5333000°W / -54.3667000; -36.5333000
Munning Cumberland Bay
Administrert under Antarktistraktaten
status Stabil/framrykkande
Kart
Harkerbreen
54°22′00″S 36°32′00″W / 54.3667°S 36.5333°W / -54.3667; -36.5333

Harkerbreen er ein tidvassisbreSør-Georgia Island sør i Atlanterhavet. Harkerbreen vart først kartlagd av Den svenske antarktisekspedisjonen (1901-1904), og namngjeven De Geerbreen, etter Gerard De Geer (1858-1943), ein svensk geolog som spesialiserte seg på geomorfologi og geokronologi. Han vart kartlagd på ny i 1912 av David Ferguson og då kalla opp etter Alfred Harker (1859-1939), ein engelsk geolog som var spesialist i petrologi og petrografi.[1]

Dalen som Harkerbreen flyt gjennom går frå sør til nord og ut av Allardyce Range og ut i Morenefjorden i austsida av Cumberland Bay, sør for Grytviken, den største busetnaden på øya. Harkerbreen er ein tidvassisbre som kalvar isfjell i bukta. Isbreen har ikkje endra seg noko særleg sidan 1970-åra, men har rykka lenger fram enn då han vart fotografert av Frank Hurley i 1914.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. US Geological Survey (2002). «Feature Name: Harker". US Geological Survey, Det amerikanske innanriksdepartmentet. Henta 22. mars 2013.
  2. ««Scotia» Centenary Antarktis Expedition (2002-2003)"[daud lenkje]. Royal Scottish Geographical Society, Glasgow, Storbritannia, s. 5-6.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]