Harlow
|
Harlow |
||
|---|---|---|
| Harlow Water Gardens | ||
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land | ||
| Konstituerande land | ||
| Grevskap | Essex | |
| Distrikt | Harlow | |
| Geografi | ||
| Flatevidd - By |
30,54 km² |
|
| Innbyggjarar - By - folketettleik |
79 000 2 586,8 /km² |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Nettstad: www.harlow.gov.uk | ||
Harlow er ein by og eit administrativt distrikt i Essex i England. Han oppstod ved at landsbyane Harlow, Great Parndon, Latton, Little Parndom og Netteswell vart slått saman etter andre verdskrigen, styrt av ein plan laga av sir Frederick Gibberd i 1947.
Han er kjent for å ha det eldste fotgjengarområdet i England i sentrum, og den første høgblokka i landet, The Lawn frå 1951, som no er rekna som bevaringsverdig (Grade II). Mange av bygningane som vart reist på 1950-talet er renovert etter at betongen byrja å slå sprekkar, og det har vore mykje fornying i sentrum.
Det er planar om å utvide byen kraftig ved å byggje innover i det grøne beltet.
Harlow Town FC spelar i Isthmian Leagues førstedivisjon.
Ein har funne steinøkser frå omkring 6000 f.Kr ved Parndon, og eit romersk mosaikkgolv i Temple Meads. Namnet Harlow kjem frå saksisk here («hær») og hlaw («ås»), noko som tyder på at det var ein samlingsstad for ei saksisk stamme.
Venskapsbyar [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Harlow» frå Wikipedia på bokmål, den 11. juli 2011.