Harold Wilson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harold Wilson

James Harold Wilson, baron Wilson av Rievaulx (fødd 11. mars 1916 i Huddersfield i West Yorkshire, død 24. mai 1995 i London)) var ein britisk Labour-politikar, som var statsminister i Storbritannia frå 1964 til 1970 og igjen frå 1974 til 1976.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Harold Wilson vart fødd i 1916. Han studerte økonomi i Oxford og byrja i studietida å interessere seg for politikk. Etter å ha arbeidt som statstenestemann under andre verdskrigen vart han i 1945 valt inn for valkrinsen Olmskirk i det britiske underhuset. Etter ei valreform i 1950 representerte han valkrinsen Hoyton ved Liverpool.

Kort etter valet til parlamentet fekk han første gongen sete i regjeringa og vart dermed den yngste statsråden i Storbritannia i historia. Han tredde tilbake i 1951 i protest mot innføringa av eigenandelar i det britiske helsevesenet.

Han fekk likevel seinare plass i Labour sitt skuggekabinett, som tiltenkt finansminister. I 1956 skapte han omgrepet «gnomane frå Zürich», som viste til sveitsisk valutaspekulasjon. Han stilte fånyttes som kandidat til posten som leiar for Labour i 1960, men då Hugh Gaitskell overraskande døydde i 1963 etterfølgde Wilson han som partileiar.

Labour vann ved parlamentsvalet 16. oktober 1964 eit knapt fleirtal, og Wilson vart statsminister første gongen. Etter ei kort, men vellukka regjeringstid vann Labour ein komfortabel majoritet på 99 mandat.

Utanrikspolitikken under Wilson vart prega av krisane i dei tidlegare britiske koloniane, spesielt i Rhodesia og Sør-Afrika. Wilson motstod presset frå USA om å sende styrkar til Vietnam. Etterkvart som økonomien i Storbritannia forverra seg, fall likevel oppslutninga frå veljarane. Då meiningsmålingane gjekk betre, skreiv Wilson ut nyval. Til stor overrasking tapte likevel Labour valet den 19. juni 1970, og Wilson vart etterfølgd som statsminister av Edward Heath. Trass det bitre nederlaget fortsette Wilson som partileiar og vart 6. mars 1974 statsminister på nytt, etter at Heath heller ikkje hadde lukkast i å føre ein politikk som førde til forbetring i økonomien til landet.

16. mars 1976 erklærde Wilson overraskande avgangen sin som statsminister og at han ville trekkje seg heilt frå politikken. Han opplyste at han alltid hadde planlagt å pensjonere seg ved 60-årsalderen. I røyndomen var han vorten klår over at han leid av Alzheimers syndrom.

Utanriksminister James Callaghan etterfølgde Wilson som statsminister den 5. april 1976. Wilson var likevel fram til 1983 innvalt i parlamentet og vart deretter utnemnt til Life peer som Baron Wilson of Rievaulx. Etter 1985 trekte han seg nesten fullt bort frå ålmenta. Han døydde i 1995 av tarmkreft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]