Harpefoss
| Harpefoss | ||
| Plassering | ||
|---|---|---|
|
|
||
| Sør-Fron i Oppland | ||
| Geografi |
|
|
| Folketal[1] | 463 (2011) | |
| Folketettleik | 472,4 /km² | |
| Areal[1] | 0,98 km² | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | E6 Fv403 Fv407 | |
| Postnummer | 2647 SØR-FRON | |
Harpefoss er ein tettstad i Sør-Fron kommune i Oppland fylke. Staden har 463 innbyggjarar (2011). Harpefoss ligg ved Lågen mellom Hundorp og Vinstra.
Harpefoss vart teke i bruk som namn etter jarnbaneutbygginga i 1896, da jarnbanestasjonen fekk namnet Harpefoss. Tidlegare gjekk området under namna Skurdal og Ryssland, på respektive vestre og austre sida av Lågen. Harpefossen var namnet på fossen som skilde dei to grendene.
Ved jarnbaneutbygginga vart Harpefoss hotell oppført. Det er det einaste av dei opphavlege hotella frå jarnbaneutbyggingstida som framleis står i Gudbrandsdalen. Det er oppførd i sveitsarstil med nygotiske trekk. Det er for lenge sidan nedlagd som hotell, og etter ein periode med landhandeldrift tener bygning no som bustadhus.
Fossen Harpefoss er ein foss i Gudbrandsdalslågen. I ei kilometerlang strekkje renn Lågen i eit trongt gjel. Fossen vart i 1960-åra bygd ut. Fallhøgda er 35 meter, og Harpefoss kraftstasjon ved Solbrå har ei installert effekt på 92 MW.
Turisme har tydd mykje for staden. Sidan jarnbanen kom og lett kunne frakte gjester til dalen har stølsområda vore nytta til turisme. Dei høgfjellshotella som framleis er i drift er Wadahl og Gålå. Ved Gålåvatnet vert kvart år Ibsens Peer Gynt framførd på ein friluftscene. Pensjonata Skogly og Grøntuva er nedlagde. I nyare tid er gardsturismen ei aktuell form for turisme. Sygard Grytting vert drive som overnattingsstad, og Rudi gard vert drive som ein opplevingsstad med ulike arrangement.
Sør-Fron ungdomsskole ligg på Harpefoss. Det var den tredje ungdomsskulen som vart etablert i Noreg, så tidleg som i 1959. Attved ungdomsskulen er Sør-Fron kulturhus bygd, det vert nytta til idretts- og kulturarrangement.
Harpefoss stasjon er nedlagd, og poststaden 2645 Harpefoss er òg utgått.
[endre] Sjå òg
[endre] Andre nettstader
[endre] Kjelder
[endre] Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Harpefoss» frå Wikipedia på bokmål, den 26. september 2008.