Harri Kirvesniemi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harri Kirvesniemi


Statsborgarskap Finland
Fødd 10. mai 1958 (65 år)
Sankt Michel landkommune
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1980, cross-country skiing at the 1984 Winter Olympics – men's 15 kilometres, cross-country skiing at the 1984 Winter Olympics – men's 4 x 10 km relay, Ski-VM 1982, Ski-VM 1985, Ski-VM 1987, Ski-VM 1989, Ski-VM 1991, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen

Harri Kirvesniemi (fødd 10. mai 1958) er ein finsk tidlegare langrennsløpar frå Mikkeli, i over 20 år ein av Finlands aller beste. Han vart verdsmeister på 15 km i klassisk stil under Ski-VM 1989 i Lahti, og tok elles seks OL-medaljar og sju VM-medaljar i tida 1980-1998. Sidan 1984 er han gift med langrennsløparen Marja-Liisa Hämäläinen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kirvesniemi fekk si fyrste meisterskapsmedalje under OL 1980 i Lake Placid, då han gjekk startetappen for det finske stafettlaget som kom på bronseplass etter Sovjetunionen og Noreg. 18 år seinare, under vinterleikane 1998 i Nagano kopierte han prestasjonen og tok si fjortande og siste OL-/VM-medalje. Atter var han startmann for Finlands bronselag, den gongen slått av Noreg og Italia. Det var femte gong Kirvesniemi fekk bronsemedalje etter ein olympisk stafett.

Den fyrste individuelle meisterskapsmedaljen tok Kirvesniemi under ski-VM 1982 i Oslo. Her enda han to tidels sekund bak sølvvinnaren på 15-kilometeren, Aleksandr Zavjalov frå Sovjet, og fekk bronse. Seinare i meisterskapen fekk han ein ny stafettbronse. To år seinare kopierte Kirvesniemi medaljehausten frå Oslo under vinterleikane i Sarajevo. Også der vart det bronsemedaljar på 15 km og i 4x10 km stafett. I 1985 vann Kirvesniemi si sjette meisterskapsmedalje i ski-VM i Seefeld, også det ein bronsemedalje, men då på 30 km. Som på 15 km under OL året før, var det Gunde Svan frå Sverige som stakk av med gullet.

Etter to medaljelause meisterskap i 1987 og 1988, oppnådde Kirvesniemi høgdepunktet som aktiv då han gjekk til topps på 15 km i klassisk stil under ski-VM 1989. På finsk heimegrunn i Lahti gjekk han i mål på tida 42.40,7 og slo den norske sølvvinnaren Pål Gunnar Mikkelsplass med 3,3 sekundar. På stafetten lukkast Finland, med Kirvesniemi på laget, å spurte inn til sølv i eit oppgjer der fire lag kjempa om VM-tittelen.

Kirvesniemi var nærast bombesikker å gå ein av stafett-etappane i VM- og OL-samanheng gjennom heile 1990-talet. Her var han med å vinne bronsemedaljar i ski-VM 1991 og vinterleikane 1992 og 1994, deretter tok Finland sølv etter Noreg i ski-VM 1995 og 1997, før det altså vart olympisk stafettbronse i 1998.

I 1998 vart Kirvesniemi tildelt Holmenkollmedaljen, saman med Fred Børre Lundberg, Larisa Lazutina og Aleksej Prokurorov.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Under VM 2001 i Lahti vart Harri Kirvesniemi og fleire andre finske langrennarar tekne for bruk av doping etter tevlinga over 4x10 km stafett, og diskvalifisert. Han var då i sitt 43 år og la opp som aktiv utøvar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]