Harry Hole
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harry Hole er ein oppdikta detektiv og ein såkalla anti-helt i fleire bøker skrivne av Jo Nesbø.
Harry Hole er ein politietterforskar som slit med livet og med alkoholmisbruk, men han er iherdig og gjev ikkje opp i etterforskinga av sakene han har. Bustaden til Harry Hole ligg i Sofies gate på Bislett i Oslo. I periodane med alkoholproblem, er Harry stamgjest på Restaurant Schrøder.
[endre] Bøker
Nesbø har så langt skrive ni bøker om Hole. Desse bøkene er:
- Flaggermusmannen (1997) (Rivertonprisen, Glassnøkkelen)
- Kakerlakkene (1998)
- Rødstrupe (2000) (Bokhandlerprisen, Tidenes beste kriminalroman, kåra i Nitimen)
- Sorgenfri (2002)
- Marekors (2003)
- Frelseren (2005)
- Snømannen (2007)
- Panserhjerte (2009)
- Gjenferd (2011)
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen byggjer på «Harry Hole» frå Wikipedia på bokmål, den 3. oktober 2011.