Harry Söderman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harry Söderman

Statsborgarskap Sverige
Fødd 28. august 1902
Stockholm
Død

16. mars 1956 (53 år)
Tanger

Yrke embetsmann, kjemikar, ingeniør, universitetslærar
Språk engelsk
Harry Söderman på Commons

Harry Söderman (19021956) var ein svensk politimann og politisjef. Kallnamnet hans var «Revolver-Harry». Han var sjef for Statens Kriminaltekniska Anstalt (SKA) i Sverige frå 1939 til 1953. Han tok del i oppbygginga av norske politistyrkar i Sverige under den andre verdskrigen. Mot slutten av krigen, i mai 1945, tok han seg inn i Noreg. Den 7. mai kom han seg inn i Grini fangeleir, ved å fortelja at han hadde fullmakt til å gje fangane fri. Sjølv om dette var dagen før Nazi-Tyskland kapitulerte, lukkast han i å fortelja fangane at Tyskland hadde kapitulert. Han forsøkte òg å kome inn på Slottet, men vart avvist, då han ikkje kunne legitimere seg.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Anders Johansson: Den Glömda Armén - Norge-Sverige 1939-1945

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]