Harry S. Truman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harry S. Truman
HarryTruman.jpg
President i USA
Regjeringstid 12. april 194520. januar 1953
Fødd 8. mai 1884 i Lamar i staten Missouri
Død 26. desember 1972 i Kansas i Missouri
Føregjengar Franklin D. Roosevelt
Gift med Bess Truman

Harry S. Truman (8. mai 188426. desember 1972) var ein amerikansk politikar og president i USA frå 1945 til 1953. Han var den 33. presidenten, og overtok stillinga etter at Franklin D. Roosevelt døydde. Truman vart president mot slutten av den andre verdskrig. Han er den einaste som til no har gjeve ordre om å nytta atombomber i krig. I august 1945 vart byane Hiroshima og Nagasaki i Japan utsletta av atombomber. Atombombene over Hiroshima og Nagasaki var meint å gjera slutt på krigen. Slik gjekk det òg, men i ettertid er det drøfta om det verkeleg var naudsynt å sleppa bombene.

Etter at krigen var slutt, var det mange oppgåver som skulle løysast. Truman sin administrasjon utarbeidde Marshallplanen for å byggja opp att Europa etter krigen. Tilhøvet til Sovjetunionen var i starten relativt godt, men utvikla seg til starten på den kalde krigen. Truman var med på opprettinga av dei sameinte nasjonane. Slutten av presidenttida var prega av Koreakrigen.

Sigeren i presidentvalet i 1948 mot republikanaren Thomas E. Dewey er rekna som ein av dei mest uventa i amerikansk politisk historie. I ettertid kunne Truman visa fram løpesetlar med overskrifta «Dewey vann». Før røystene vart talde rekna alle med at Dewey kom til å vinna.

Truman tok ikkje attval ved presidentvalet i 1952. Adlai Stevenson var demokratane sin kandidat. Republikanaren Dwight D. Eisenhower vann valet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Harry S. Truman
Wikisource

Originaltekst av Harry S. Truman ved Wikisource.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Harry S. Truman
Spire Denne historieartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.