Harstad kommune
| Harstad kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1903 |
| Fylke | Troms |
| Adm.senter | Harstad |
| Areal | 446 km² |
| Folkemengd | 24 205 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-) | Marianne Bremnes (Ap) |
| Målform | Nøytral |
| Nettstad | www.harstad.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Harstad kommune på Commons | |
Harstad kommune ligg i Troms fylke. Han er den nest største kommunen i fylket og den tredje største i Nord-Noreg. Under kommunereforma i 1964 blei Harstad slått saman med dei to tidlegare kommunane Trondenes og Sandtorg, og i 2013 med den tidlegare Bjarkøy kommune. Kommunen ligg på nord- og austsida av Hinnøya, den største øya i Noreg, i tillegg til Grytøya, Bjarkøy, Sandsøya og ei rekkje mindre øyer.
Byen Harstad er administrasjons- og skulesenter Sør-Troms, og eit viktig trafikknutepunkt, med mellom anna daglege vitjingar av Hurtigruta. Dei nordnorske festspela blir arrangerte i Harstad kvart år i slutten av juni. Lokalavisa i kommunen er Harstad Tidende.
Innhaldsliste |
Forsvaret [endre]
Harstad er tidlegare forsvarsby med Trondenes leir som mellom anna viser fram Adolfkanonen frå den andre verdskrigen. Han huser eller har husa:
- Befalsskolen for Infanteriet i Nord-Norge låg i Trondenes leir fram til han blei lagt ned sommaren 2003.
- Kystjegerkommandoen nyttar framleis Trondenes leir, men det har vore snakk om å flytta KJK til Tromsø.
- Forsvarets musikkorps Nord-Norge (også kjent som divisjonsmusikken)
- Forsvarets Lønnsadministrasjon
- Kystvakta KV «Harstad» har fått namnet sitt etter byen
Bydelar og bygder [endre]
Harstad by har tolv bydelar: Trondenes, Sama, Harstadåsen, Skaret, Sentrum, Heggen, Seljestad, Harstadbotn, Åsby, Gangsås, Stangnes og Kanebogen.
Desse tettstadane og bygdene, rekna sørover frå nordvest, ligg i kommunen: Kasfjord, Ervik, Hagan, Kilhus, Grøtavær, Lundenes, Alvestad, Medkila, Breivik, Ruggevik, Kilbotn, Nordvik, Melvik, Sørvik, Halsebø, Fauskevåg, Gausvik, Haukebø og Sandtorg.
Folketalsutvikling [endre]
Harstad kommune er den nest største kommunen i Troms etter folketal, og har vore det sidan kommunesamanslåingane i 1964.
Folketalsutvikling for noverande Harstad kommune frå 1930:
| 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3][4][5] | 1.1.1961[3][4][5] | 1.1.1971[3] | 1.1.1981[3] | 1.1.1991[3] | 1.1.2001[3] | 1.1.2010[3] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 11 441a | 13 202a | 14 039a | 17 192 | 19 986 | 21 613 | 22 369 | 23 038 | 23 257 |
- a Talet omfattar ikkje eit område som var del av Kvæfjord kommune fram til 1956, då det vart overført til gamle Trondenes kommune. Dette området hadde då 32 innbyggjarar.
Kjende harstadværingar [endre]
- Knut Andersen (1931–), filmregissør
- Leif Bothner, (1905-1986) Milorg-leiar
- Unni Anisdahl (1947–), sportsreportar i NRK (radio)
- Kristin Clemet (1957–), politikar
- Hans Egede (1686–1758), «Grønlands apostel»
- Randi Hansen (1958–), popsongar
- Karl Erik Harr (1940–), biletkunstnar
- Kine Hellebust (1954–), songar, skodespelar
- Leif Arne Heløe (1932–), politikar, sosialminister
- Jon Lech Johansen (1983–), («DVD-Jon»)
- Hanna Kvanmo (1926–2005), politikar
- K.M. Myrland (1948–), visesongar
- Runar Normann (1978–), fotballspelar
- Iren Reppen (1965–), artist, forfattar
- Kjetil Rolness («Jens Pikenes») (1961–), artist, forfattar/skribent
- Lars A. Sandness («Poppa-Lars») (1973–), hip-hop-artist i Tungtvann
- Odd Børre Sørensen («Rocke-Børre»), popsongar
- Reidar Thomassen («Richard Macker») (1939–), forfattar
- Tove Veierød (1940–), politikar, sosialminister
- Unni Wikan (1944–), professor i sosialantropologi
Verdt å sjå [endre]
- Trondenes kyrkje frå ca 1250
- Harstad kyrkje frå 1958
- Harstad kulturhus
- Trondarnes Distriktsmuseum
- Trondenes Historiske Senter
- Altevågen
- Røkenes Gård
- Sandtorgholmen
- Adolfkanonen
Fotnotar [endre]
- ↑ Kjelde: SSB
- ↑ 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Harstad 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 4,0 4,1 Folkemengd i Sandtorg 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 5,0 5,1 Folkemengd i Trondenes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Bakgrunnsstoff [endre]
| Kommunar i Troms | ||
|---|---|---|
| Balsfjord · Bardu · Berg · Dyrøy · Gratangen · Harstad · Ibestad · Karlsøy · Kvæfjord · Kvænangen · Kåfjord · Lavangen · Lenvik · Lyngen · Målselv · Nordreisa · Salangen · Skjervøy · Skånland · Storfjord · Sørreisa · Torsken · Tranøy · Tromsø | ||