Harstad kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harstad kyrkje
Harstad kirke
Foto: kirkenorge.no
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Harstad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Trondenes
Sokn Harstad
Fellesråd Harstad
Stad Harstad
Arkitekt Jan Inge Hovig
Material Betong
Innvigd 1958
Kyrkjegard Kyrkjegard 2 kilometer unna kyrkja, Sama gravlund
Sitjeplassar 600
Kart
Harstad kyrkje
68°48′08″N 16°32′08″E / 68.8022°N 16.5355°E / 68.8022; 16.5355
Wikimedia Commons: Harstad kirke

Harstad kyrkje er ei arbeidskyrkje konstruert i rektangulær form, frå 1958. Kyrkja ligg i Harstad i Troms. Ho ligg sentralt plassert få hundre meter vest for Harstad sentrum, rett ved sida av Harstad stadion. Kyrkjetårnet er eit godt synleg bymerke.[1]

Byggverket er i betong, og kyrkja har 600 plassar. Arkitekt for kyrkja var Jan Inge Hovig.[2]

Kyrkja var ei av dei fyrste arbeidskyrkjene i Noreg, med kyrkjelydssal, kjøken og kyrkjestove.[1]

Det trekantforma altertavlemåleriet synar Jesus som held Bergpreika, og misjonæren Hans Egede som held tale for menneske på Grønland. Det er laga av Axel Revold.[3]

Kyrkja har to glasmåleri laga av Jardar Lunde, eit bakerst i kyrkjeskipet og eit på nordsida av koret.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Harstad kyrkje frå Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard
  2. Harstad kyrkje Arkivert 2013-12-17 ved Wayback Machine. frå Kyrkjesøk
  3. Harstad kyrkje frå Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard
  4. Harstad kyrkje frå Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]