Hartmut Briesenick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hartmut Briesenick


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 17. mars 1949
Luckenwalde
Død

8. mars 2013 (63 år)
Luckenwalde, Berlin

Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1972 Summer Olympics – men's shot put

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i bronse

Hartmut Briesenick (17. mars 19498. mars 2013) var ein tysk friidrettsutøvar frå Luckenwalde i forbundslandet Brandenburg. Han tevla i kulestøyt, der han representerte Aust-Tyskland. Briesenick vart europameister i kulestøyt i 1971 og 1974, samt vinnar av bronsemedaljen under OL i München 1972. Hans personlege rekord i øvinga var på 21,67 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Briesenick vart austtysk meister i kulestøyt 1970, 1971, 1973 og 1974. Allereie i 1970 fekk han notert 20,55 m, då han på seinsommaren i Stockholm vann kule-tevlinga under finalen Europacupen for landslag med ein meters margin til andremann. Resultatet var det beste i Europa det året, ni centimeter bak den årsgamle europarekorden til landsmannen Hans-Peter Gies.

I juni 1971 tok Briesenick over europarekorden, fyrst då han 6. juni nådde 20,69 m i Aust-Berlin. Seks dagar seinare støytte han så kula 21,00 meter i Torino, under ein fire-landskamp mellom Italia, Aust-Tyskland, Noreg og Romania. Den 13. august forbetra han rekorden enno ein gong, til 21,08 m, då han vann EM-gull med stor margin til landsmannen Heinz-Joachim Rothenburg. Denne europarekorden stod berre i femten dagar, til nettopp Rothenburg presterte 21,12 m under ein tre-landskamp i Moskva.

Briesenick tok tilbake europarekorden 25. august 1972. Han støytte kula 21,54 m og var største favoritten til å vinne gull i kule-tevlinga under dei tilstundande leikane i München. Den 9. september var det klart for olympisk finale, som utvikla seg til ei svært tett og spennande tevling. Polske Władysław Komar slo til med polsk rekord i fyrste omgang; 21,18 m. Ingen av konkurrentane makta å overgå han, George Woods frå USA hamna ein centimeter bak, medan Briesenick fekk bronse med 21,14 m, same lengda oppnådde hans landsmann Gies, som måtte gå medaljelaus frå tevlinga.

Briesinick forbetra europarekorden sin til 21,67 m i 1973. Året etter støytte han som lengst 20,77 m, men lukkast likevel å vinne EM-gull i Roma med 20,50 meter.

Åra 1970-72 vann Briesenick tre år på rad gullmedaljen i kulestøyt under der europeiske innandørsmeisterskapen. Han slutta som aktiv utøvar i 1978, og arbeidde deretter som trenar i SC Dynamo Berlin. Etter DDR-staten gjekk i oppløysing, var han tilsett i firma som laga sportsutstyr.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1971 i Helsingfors: Gullmedalje - 21,08 m, framom Heinz-Joachim Rothenburg (20,47 m)
  • OL 1972 i München: Bronsemedalje - 21,14 m, framom Hans-Peter Gies (21,14 m)
  • EM 1974 i Roma: Gullmedalje – 20,50 m, framom Ralf Reichenbach frå Vest-Tykland (20,38 m)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrott-71, Friidrott-72 , Friidrott-73 og Friidrott-75. Hälsingborg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]