Hartmut Losch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hartmut Losch i 1967

Hartmut Losch (11. september 194326. mars 1997) var ein tysk friidrettsutøvar frå Angermünde i forbundslandet Brandenburg, som representerte Aust-Tyskland. Han vart europameister i diskoskasting i 1969, tre år tidlegare tok han sølvmedaljen i same øvinga, også då i EM. 192 cm høge og 120 kg tunge Losch var medlem av ASK Potsdam, og døydde i Potsdam.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Losch sette personleg rekord med 58,38 meter i 1964. Han deltok for Tyskland under sommar-OL i Tokyo, og kvalifiserte seg til finalen med eit kast på 56,56 m. I finalen måtte han nøye seg med 52,08 m og ellevteplass. To år seinare kom han på sølvplassen i EM 1966 i Budapest. I ei uvanleg jamn tevling oppnådde han 57,34 m og mangla åtte centimeter på vinnarkastet til landsmannen Detlef Thorith.

Til liks med dei aller fleste andre, samtidige diskoskastarar forbetra Losch den personlege rekorden med fleire meter i desse åra kring 1970. I OL-sesongen 1968 persa han med 62,72 m. Han kasta opp mot den personlege rekorden under dei olympiske leikane i oktober og vart nummer fire i øvinga. I 1969 lukkast Losch å verte europameister i diskos, vinnarkastet i Athen målte 61,82 m. To år seinare forbetra han persen til 63,76 m. I den same sesongen kom han på femteplass i EM i Helsinki.

Losch heldt fram å forbetre den personlege rekorden, i 1972 til 64,36 m. Men under OL i München var han langt unna å nå finalen. I 1974 kasta han 63,88 m, men kom ikkje med i Aust-Tysklands tropp til EM i Roma.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrott, ymse årgangar. Hälsingborg