Hartvig Caspar Christie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hartvig Caspar Christie (fødd 25. november 1893 i Hornnes i Aust-Agder, død 21. mars 1959) var ein norsk politikar for Høgre.

Christie var utdanna prest og tenestegjorde i fleire kyrkjelydar i Akershus. Frå 1955 til 1959 var han prost i Asker prosti. Frå 1938-1953 var han redaktør i Norsk Kirkeblad. Christie skreiv fleire bøker om kristendom og norsk kyrkjeliv.

Han blei valt inn på Stortinget for Akershus fyste gongen i 1950 og blei attvald to gonger. Han hadde tidlegare vore vararepresentant i perioden 1945–1949. Eitt år inn i tredje perioden hans på Stortinget døydde Christie. Dagny Fridrichsen møtte i staden hans ut perioden.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Før 1739. Et bidrag til folkeundervisningens historie, Oslo 1927
  • "Kirke og kristenliv på Romerike." I: Norske Bygder III, Bergen 1932
  • Kirke og kristenliv. Norsk Kulturhistorie 1935
  • "Das Gemeindeleben innerhalb der norwegischen Kirche." I: Ekklesia II 1936
  • Den norske kirke i kamp, Oslo 1945
  • Guds ord er ikke bundet. En samling prekener og taler holdt i den norske kirke i krigens tid 1940-45, Oslo 1945
  • Den norske kirke 1946
  • Høvik kirke 50 år. 1898-31. mars 1948, Sandvika 1948

Kjelde[endre | endre wikiteksten]