Harvest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harvest
Studioalbum av Neil Young
Utgjeve 14. februar 1972
Innspelt Januar til september 1971 i Quadraphonic Studios i Nashville; Barking Town Hall i London og Broken Arrow Studio No. 2 i Woodside, California
Sjanger
Lengd 37:11
Selskap Reprise
Produsent Neil Young
Elliot Mazer
Henry Lewy
Jack Nitzsche
Kritikk
Neil Young-kronologi
After the Gold Rush
(1970)
Harvest Journey Through the Past
(1972)

Harvest er det fjerde soloalbumet til Neil Young og kom ut 14. februar 1972 på Reprise Records. London Symphony Orchestra speler på to songar, medan andre gjester som David Crosby, Graham Nash, Linda Ronstadt, Stephen Stills og James Taylor medverka med vokal. Songen låg på toppen av den amerikanske album lista i to veker og gav hitsinglane «Old Man», som nådde 31. plass i USA og «Heart of Gold» som gjekk heilt til topps. Albumet var det bestseljande albumet i 1972.[1]. I Noreg låg albumet på førsteplassen i heile 13 veker og var inne på Topp 20 i totalt 48 veker.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Etter at Young forlet Crosby, Stills, Nash & Young samla han saman nokre countrymusikarar han kalla The Stray Gators) for å spele inn countryrock-albumet Harvest. Albumet vart ein massiv hit og singelen «Heart of Gold» gjekk heilt til topps i USA. Andre songar gjekk attende til nokre vanlege tema for Young: «Alabama» hadde eit liknande tema som «Southern Man»[2] og «The Needle and the Damage Done» var ein sørgjesong over flotte artistar som hadde døydd av heroin. Young hadde ikkje rekna med den store suksessen albumet vart, og det første instinktet hans var å trekkje seg unna. Han skreiv seinare at albumet sette han «midt i vegen. Å reise dit vart raskt keisam, så eg styrte mot grøfta. Det var ein meir humpete tur, men eg trefte meir interessante folk der».[3]

«Words (Between the Lines of Age)», den siste songen på albumet, inneheld ein lang gitarsolo. Soloen er typisk for Neil Young med fire akkordar som går og går. Songen er kjend for å skifte mellom ein vanleg 4/4-takt i versa og refrenga, og den uvanlege 11/8-takten i mellomspela.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Young kom til Nashville i 1971 for å spele på Johnny Cash Show i lag med Linda Ronstadt og James Taylor.[4] Elliot Mazer hadde opna Quadrofonic Sound Studios i Nashville og inviterte Young til middag laurdag 6. februar for å få han til å spele inn musikk i studioet. Neil likte arbeidet til dei lokale studiomusikarane kalla Area Code 615 og vart interessert. Young hadde arbeidd med nye songar som han hadde spelt på turnane sine, noko ein kan høyre på Live at Massey Hall 1971 og fortalte Mazer at alt han trengde var ein bassist, ein trommeslagar og ein pedalsteelgitarist.

Mazer henta inn trommeslagar Kenny Buttrey, bassist Tim Drummond (som berre hadde gått forbi på gata) og gitarist Ben Keith. Denne kvelden la dei ned grunnspora for «Heart of Gold», «Old Man», «Harvest» og «Dance Dance Dance». Sistnemnde vart ikkje med på albumet, men vart seinare gjeven ut på debutalbumet til Crazy Horse seinare same året. Studiomusikarane Andy McMahon og John Harris vart henta inn for å spele piano på respektive «Old Man» og «Harvest», medan Teddy Irwin spelte den andre akustiske gitaren på «Heart of Gold».

Etter å ha spelt inn Johnny Cash Show søndag kveld, henta Young inn Ronstadt og Taylor til studioet. I lag spelte dei inn korvokal på «Heart of Gold» og «Old Man». Taylor plukka opp Young sin banjogitar (ein seksstrengs banjo stemd som ein gitar) og spelte oppå «Old Man».

«Bad Fog of Loneliness» og «Journey Through the Past» vart spelte inn under desse innspelingane, men vart ikkje med på albumet. Desse vart gjeven ut på The Archives Vol. 1 1963-1972. «Journey Through the Past» vart gjeven ut på konsertalbumet Time Fades Away med berre Neil Young og eit piano og «Bad Fog of Loneliness» kom først ut på Live at Massey Hall 1971 i 2007.

Dei elektriske songane vart spelte inn i ein låve på ranchen til Young i California. Han nytta eit fjernstyrt innspelingssystem der Mazer sette opp PA-høgtalarar i låven som monitorar, i staden for at dei trengde å ha på seg øyretelefonar. Dette førte til mykje «lekasje» til kvar mikrofon, som plukka lyden frå dei andre instrumenta, men Young og Mazer likte lyden det skapte. «Are You Ready for the Country», «Alabama» og «Words» vart innspelt på denne innspelinga med Buttrey, Drummond, Keith, i lag med Jack Nitzsche på piano og lap steel. Young kalla dette bandet The Stray Gators, og dei skulle spele med han på turneen hans vinteren 1973.

«A Man Needs a Maid» og «There's a World» vart spelte inn av Nitzsche med London Symphony Orchestra og «The Needle and the Damage Done» vart henta frå ei konsertinnspeling ved UCLA. Korvokalen av Crosby, Stills & Nash vart spelt inn av Mazer i New York.

Miksinga vart gjort både i Quadrofonic og i huset til Young.

I følgje eit intervju i Rolling Stone ønskte Young at plateomslaget skulle rotne og forvinne etter at plasten var teken av, men dette vart avvist av plateselskapet.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I 1998 kåra lesarane av Q magazine Harvest til det 64. beste albumet gjennom tidene. I 1996, 2000 og 2005 kåra lesarane av Chart dei 50 beste kanadiske albuma gjennom tidene, der Harvest kom på andreplass i alle tre, berre slått av Joni Mitchell sitt Blue i 2000 og av Sloan sitt Twice Removed i dei to andre. I 2003 plasserte Rolling Stone Harvest på 78. plass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene. I 2007 vart Harvest kåra til det beste kanadiske albumet av Bob Mersereau i boka hans The Top 100 Canadian Albums.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young. Orkester dirigert av David Meecham og arrangert av Jack Nitzsche.. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Out on the Weekend»   4:34
2. «Harvest»   3:11
3. «A Man Needs a Maid»   4:05
4. «Heart of Gold»   3:07
5. «Are You Ready for the Country?»   3:23
Side to
# Tittel Lengd
6. «Old Man»   3:24
7. «There's a World»   2:59
8. «Alabama»   4:02
9. «The Needle and the Damage Done» (konsertopptak frå 30. januar 1971) 2:03
10. «Words (Between the Lines of Age)»   6:40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Year End Charts - Year-end Albums - The Billboard 200». Billboard.com. http://web.archive.org/web/20071211063945/http://www.billboard.com/bbcom/charts/yearend_chart_display.jsp?f=The+Billboard+200&g=Year-end+Albums&year=1972. Henta 27. oktober 2010. 
  2. So characterized by Jim Miller i Rolling Stone, Harvest, s. 93-94. The Continuum International Publishing Group. ISBN 0826414958.
  3. Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of Number 1 Hits, s. 308. Billboard Books. ISBN 0823076776.
  4. David Simons. "Recording Harvest: The Making of Neil Young's Classic 1972 Album," Acoustic Gitar Magazine 103 (Juli 2001), 34-41.