Harz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Harz er ei fjellkjede i nord i Tyskland. Ho er den nordlegaste fjellkjeda i landet og ligg på grensa mellom delstatane Niedersachsen, Sachsen-Anhalt og Thüringen. Namnet Harz kjem frå plattysk og tyder «skog»

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Harz har ei lengd på 95 km (søraust til nordvest) og ei breidd på 35 km. Ho dekkjer eit areal på om lag 2 000 km², og det høgaste punktet er Brocken på 1 141 meter over havet, som ligg i Sachsen-Anhalt. Wurmberg på 971 meter er den høgsate toppen i Niedersachsen. Det bur 600 000 innbyggjarar i byar og landsbyar i Harzfjella.

Harz er delt inn i Øvre Harz (Oberharz) i nordvest og Nedre Harz (Unterharz) i søraust. Øvre Harz har høgare fjell og er dekt av granskog, medan Nedre Harz heller jamnt nedover mot det omliggande landet og har stort sett lauvskog med enger innimellom.

Harz nasjonalpark ligg i Harz og dekkjer Brocken og det omliggande området.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første busetnadane i Harz kom for berre om lag 1 000 år sidan. I antikken gjorde dei tjukke skogane området ugjennomtrengeleg. I 968 oppdaga ein sølvførekomstar nær byen Goslar, og det vart oppretta gruver i dei neste hundreåra i heile fjellområdet. I mellomalderen vart malm frå deette området transporter så langt bort som til Mesopotamia. Rikdomen i området tok slutt på byrjinga av 1800-talet då gruvene vart tomme. Folk reiste frå byane ein kort periode før turisme førte rikdom tilbake til området. Mellom 1945 og 1990 gjekk grensa mellom Vest- og Aust-Tyskland gjennom desse fjella. I dag er Harz ein populær turistdestinasjon for folk som vil gå turar eller gå på ski.

Byar i eller nær Harz[endre | endre wikiteksten]

Transport i Harz[endre | endre wikiteksten]

Smalsporjernbanen (tysk: Harzer Schmalspurbahnen) er ei svært populær turistrute, og mange kjem til Harzfjella berre for å ta dette gamle damplokomotivet.

Bortsett frå det er Harz knytt til resten av Tyskland via motorveg A7 frå Hamburg, Hannover eller Kassel til Seesen/Rhüden og Lautenthal, A395 frå Braunschweig til Bad Harzburg, riksvegane B6, B 27, B 234 og mange andre. Motorveg A 38 sør for Harzfjella går mellom Leipzig og Göttingen og er berre nyleg ferdig.

Elvar med utspring i Harz[endre | endre wikiteksten]

Bode, Grane, Holtemme, Ilse, Innerste, Laute, Oder, Oker, Rhume, Selke, Söse, Thyra, Wipper og Zorge.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Harz

Kjelde[endre | endre wikiteksten]



Mittelgebirge

Bayerischer Wald | Böhmerwald | Eifel | Elbsandsteingebirge | Erzgebirge | Fichtelgebirge | Dei frankiske Alpane | Frankenwald | Harz | Hessisches Bergland | Hunsrück | Lausitzer Bergland | Oberpfälzer Wald | Odenwald | Pfälzerwald | Rhön | Sauerland | Schwabisk Alb | Schwarzwald | Spessart | Taunus | Thüringer Schiefergebirge | Thüringer Wald | Vogelsberg | Westerwald | Zittauer Gebirge


Koordinatar: 51°45′N 10°30′E