Hasard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rullett, eit hasardspel der slump er avgjerande for utfallet

Hasard, (frå fransk gjennom spansk azar, 'uheldig terningkast' frå arabisk az-zahr 'terningen' eller yasara 'han spela terning') er ein nemning som vert bruka om sjansespel og risikoåtferd i generell tyding, og som spesielt vert nytta om pengespel der slump er avgjerande for utfallet.

I Noreg er det ulovleg å medverke til anna pengespel enn det som er tillate med heimel i Lov om pengespill.

I nokre land, som t.d. Monaco, er pengespel ei stor økonomisk verksemd.

Spire Denne rettsvitskapsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.