Hashomer Hatzair

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hashomer Hatzair («Unge Garde») er ein internasjonal sosialistisk og sionistisk ungdomsorganisasjon med speidarpreg.

Organisasjonen vart skipa i Polen i 1913-1914, men vart dominert av avdelinga i Wien. Eit hovudmål var å få jødar til å fare til Palestina og grunnleggje kibbutzar. I 1927 slo gruppa sine kibbutzar seg saman til paraplyorganisasjonen Kibbutz Artzi.

I 1948 gjekk Hashomer Hatzair i Palestina saman med organisasjonen Achdut HaAvoda og skipa det sosialistiske venstrepartiet Mapam («Det sameinte arbeidarpartiet»).

Medlemstalet til organisasjonen var på sitt høgste i 1939, med 70 000 medlemer, dei fleste i Polen. Under krigen vart Hashomer Hatzair ei motstandsrørsle mot den nazistiske okkupasjonsmakta og deira allierte. Mordechaj Anielewicz var leiar for oppstanden i Warszawa-ghettoen i 1943.

I dag har Hashomer Hatzair om lag 14 000 medlemer i Israel, og ca 4 500 i andre land. I dei 85 kibbutzane i Kibbutz Artzi bur det om lag 35 000 menneske.

Organisasjonen vil byggje Israel, arbeider for eit sosialistisk samfunn, og går inn for sekularisme.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den tyskspråklege wikipediaen.