Hasidisme
Hasidisme (ḥasidisk jødedom, ḥasidisme, av hebraisk חסידות, ḥasidut, 'fromskap') er ei rørsle innanfor askenasisk jødedom som legg stor vekt på religiøs vekking og den mystiske kabbalá-tradisjonen.
Rørsla oppstod på andre halvdelen av 1700-talet blant askenasiske jødar i Aust-Europa. Mange hasidiske jødar er kjenneteikna av klesdrakten som stammar frå dette samfunnet. Detaljar i klesdrakten skil ulike grupper frå kvarandre.
Israel ben Eliezer (1700–1760), kjend som Baal Shem Tov, er rekna som grunnleggjaren av rørsla. I dag er ho delt inn i fleire retningar leia av ein rebbe (rabbinar), ei stilling som ofte går i arv frå far til son. Soger om zaddikar, heilage menn, er også viktige.
Rørsla tek avstand frå moderne sionisme og i større eller mindre grad også frå staten Israel. Ein del nekter til dømes å bruka hebraisk som daglegspråk, ettersom dei rekner det som for heilage. Det finst likevel mange hasidiske institusjonar på israelsk territorium. Hasidiske jødar byrja busetja seg i området på 1700-talet.
Innhaldsliste |
Retningar av hasidisk jødedom [endre]
Chabad [endre]
Chabad eller habad er den største gruppa innan hasidismen i dag. Ho blei grunnlagd av Shneur Zalman (1745–1813) og fortsett av etterkomarane hans i den russiske landsbyen Ljubavitsji (Lubavich), slik at eit anna namn på rørsla er lubavicher/lubavitsjer. Rørsla driv fleire utdanningsinstitusjonar og bustadsområde, og søker aktivt å overtyda andre jødar til å halda dei ortodokse reglane.
Breslover [endre]
Breslover-hasidisme blei grunnlagd av Nachman av Breslov i den ukrainske byen Bratslav (Breslov). Han skil seg frå dei andre retningane ved at rebben Nachman ikkje utnemnde nokon etterfølgjar, slik at rørsla ikkje har nokon levande leiar i dag.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «hasidisme»
|
|
||
|---|---|---|
| Kulturell inndeling | sefardisk jødedom · askenasisk jødedom · mizrahisk jødedom · jemenittisk jødedom italkisk jødedom · romaniotisk jødedom · Beta Esrael · Bene Israel · cochini-jødar · bené Menasjé |
|
| Teologisk inndeling | samaritansk · karaittisk · rabbanittisk ortodoks jødedom · hasidisme · konservativ jødedom · reformjødedom · rekonstruksjonistisk · Jewish Renewal · humanistisk jødedom |
|