Haskeir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Haskeir
Lokalt namn: Eilean Hasgeir
Geografi
Haskeir is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°48′ N 7°48′ WKoordinatar: 57°48′ N 7°48′ W
Øygruppe Ytre Hebridane
Areal 0,15 km²
Høgaste punkt 37,5 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane
Demografi
Folketal 0

Haskeir (skotsk-gælisk Eilean Hasgeir), òg kalla Great Haskeir (skotsk-gælisk Hasgeir Mhòr) er ei fjerntliggande, vêrhard øy i Ytre Hebridane i Skottland. Ho ligg 13 km vest-nordvest for North Uist. 1 km mot sørvest ligg skjeret Haskeir Eagach som består av fem staurar. 40 km lenger nordvest ligg øygruppa St Kilda.

Haskeir fyr og Haskeir Eagach i bakgrunnen

Det er ingen ankringsplassar på øya og landgang på dei bratte klippene kan vere vanskeleg sjølv i rolege vêrforhold. Det er fleire naturlege bogar og høge klipper på nordsida av øya, som vert kalla Castle Cliff. Fleire skjer ligg like nord og like sør for øya. Det er lite vegetasjon på øya.[1]

Mykje av berggrunnen er gneis

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skilðar eller Skilðir (tyder «skjold») kan ha vore det norrøne namnet på Haskeir.[2][3] Skildar var namnet på øya på eit kart av Nicholas de Nicolay frå 1583. Det er forskjellige teoriar på at dette namnet har vorte overført til dei nærliggande St Kilda, som ein elles ikkje kjenner namneopphavet til.[4][5]

Det står eit fyr på øya som vart bygt i 1997 og restane etter ei bu, som truleg vart bygt av fiskarar frå Monach Islands.

Gallery[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  2. Maclean, Charles (1977) Island on the Edge of the World: the Story of St. Kilda Canongate. ISBN 0903937417. s. 33.
  3. Fleming, Andrew (2005) St. Kilda and the Wider World: Tales of an Iconic Island. Windgather Press. ISBN 1905119003. s. 27.
  4. Quine, David (2000) St Kilda. Grantown-on-Spey. Colin Baxter Island Guides. ISBN 1841070084. s. 21.
  5. de Nicolay, Nicholas (1583) Vraye & exacte description Hydrographique des costes maritimes d'Escosse & des Isles Orchades Hebrides avec partie d'Angleterre & d'Irlande servant a la navigation. Edinburgh. National Library of Scotland.