Hassan Nasrallah
Hassan Nasrallah | |
Verkeleg namn | حسن نصرالله |
Statsborgarskap | Libanon |
Fødd | 31. august 1960 (63 år) Bourj Hammoud |
Yrke | ulama, politikar |
Språk | arabisk, persisk, engelsk |
Verv | Generalsekretær i Hizbollah |
Periode | 1992- |
Føregangar | Sayyed Abbas al-Musawi |
Politisk parti | Amal-bevegelsen, Hizbollah |
Religion | Islam, Tolver-sekten |
Hassan Nasrallah på Commons |
Sayyid Hassan Nasrallah (fødd 31. august 1960) er den noverande og tredje generalsekretæren i det libanesiske islamistpartiet Hizbollah, som òg er ein paramilitær organisasjon.[1] Nasrallah vart leiar i Hizbollah etter at Israel drap leiaren i rørsla, Abbas al-Musawi, i 1992.[1] Dei militære kampanjane til Hizbollah seint på 1990-talet vart hovudfaktorane som leidde til at israelarane valde å trekkje seg ut av Sør-Libanon i 2000.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Profile: Sayed Hassan Nasrallah». Al Jazeera. 17. juli 2000. Henta 22 April 2013.