Hassela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 62°6′35.950″N 16°42′28.087″E Hassela er ein svensk tettstad i Nordanstigs kommun i Gävleborgs län, i landskapet Hälsingland. I 2005 hadde tettstaden 375 innbyggjarar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det er usikkert kvar namnet kjem frå, og dermed òg tydinga. Éi forklaring er at Hassela er kopla til tresorten hassel. Dette er rettnok ganske vagt, sidan hassel ikkje veks i soknet.

Eit anna forsøk på tolking kan gjerast ved å dele opp namnet Hassela i to, der den siste delen (-sel, -sal, -sall, -sale eller -sala) tyder buplass. Ordet sal tyder opphavleg «hus med eit einaste stort rom». Den første delen, ha- eller had-, tyder «kjemper» og svarer til det gamalnordiske ordet hödr, genitiv hadar. Hassela kan såleis bety Hadarnas boplats. Namneopphavet kan ha med vestnordisk innvandring til området på 400-talet e. Kr. å gjere på grunn av dei rike førekomstane av myrmalm og pelsdyr i området. Det i dag norske Hadeland, kan ha liknande namneopphav. Opphavet til namnet bør kunne tolkast parallelt med den for byen Norrhassel, som av og til òg blir kalla berre Hassel, i Medelpad, ut frå den geografiske plasseringa og fellestrekk gjennom historia.

Det finst òg ei segn i soknet om ei kjempe kalla Hadunf. Forklaringa til namnet til soknet kan òg ligge her.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hassela sokn blei på 1600-talet prega av stor innflytting frå Finland av såkalla skogfinnar.

Stader i Hassela[endre | endre wikiteksten]

Kuriosa[endre | endre wikiteksten]

Vilhelm Moberg-romanen Utvandrerne er delvis basert på ei dagbok skriven av ein hasselainnbyggjarar. Dei frøa som blei sett i romanen, då Karl-Oskar og Kristina var i Amerika, kjem frå eit epletre av Astrakan. Dette modertreet finst framleis (2007) på garden Joris i Hassela sogn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]