Hasslö
| Hasslö | |
| øy | |
|
Fiskarbodane i Hallarna i juli.
Foto: Erlend Bjørtvedt |
|
| Land | |
|---|---|
| Landskap | Blekinge |
| Len | Blekinge län |
| Kommune | Karlskrona kommun |
| koordinatar | |
| Areal | 3,03 km² |
Hasslö er ein tettstad og ei øy i Karlskrona kommun i Blekinge län i Sverige. I 2010 hadde tettstaden 1 628 innbyggjarar.
Hasslö er ein gammal fiskarkommune med fiskehamnene Hallarna og Garpen. Det er òg eit lite, tidlegare marineverft i Garpen, no reparasjonsverkstad for mindre fartøy.
Hasslö har om lag 1 600 fastbuande, og ytterlegare 1 000 vitjande i sommarmånadane. Øya vert ofte kalla «Vesle Hawaii» på grunn av klimaet og den store badeturismen frå Sverige, Tyskland og Danmark. Hasslö har bru til fastlandet og har utvikla seg til ein pendlerforstad til Karlskrona. Likevel opplever øya fråflytting, og mange av husa er idag sommarhus for hovudsakleg svenske hytteeigarar.
Den svenske sosialdemokratiske diktaren og agitatoren Fabian Månsson (1872-1938) var fødd og oppvaksen på Hasslö, og ein statue av han er reist i sentrum. Hasslö har eiga kyrkje og ein årleg festival, Hasslödoppet, med sirkus og konsertar av tidvis kjende svenske band.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Hasslö» frå Wikipedia på bokmål, den 6. april 2012.