Hatholmen fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hatholmen fyrstasjon
Fylke Vest-Agder
Kommune Mandal
Funksjon Innseglingsfyr
Oppretta 1867
Koordinatar 58°00.2050′N 7°26.9647′EKoordinatar: 58°00.2050′N 7°26.9647′E
Fyrtårn
Høgd 7,2 m
Form Fyrbygning
Byggjemateriale Tre
Fyrlys
Lyskarakter 2 lysglimt vart 10. sek.
Lyshøgd 19,0 moh
Lysvidde 9,0 nm
Status
Eigar Staten
Automatisert 1984
Avfolka 1984
Vernestatus Freda etter lov om kulturminne

Hatholmen fyrstasjon er eit fyr som ligg på Indre Hatholmen i Mannefjorden midt i innseilingen til Mandal i Vest-Agder.

Hatholmen fyrstasjon (Vest-Agder)
Hatholmen fyrstasjon
Plasseringa til Hatholmen fyrstasjon

Fyret vart oppretta i 1867 og hadde bemanna drift fram til 1984 då det vart avfolka og automatisert. Den 6. mai 1991 overtok Mandal Kystlag drifta og vedlikehaldet av fyret. Fyret vart bygd samstundes med Ryvingen fyrstasjon og har funksjonelt og visuelt samband med denne.

Sjølve fyrbygningen er i tre og er eit 1 1/2 etasjar høgt bustadhus med tilhøyrande lykterom. Fyret har 4. ordens linseapparat frå 1931. Det vart ombygd til solcelledrift i 1985.

Anlegget omfattar for øvrig uthus, hønsehus, maskinhus og oppheng for taubane, trapper og bru, samt naust og landing. Anlegget vart tilrettelagt som bustad av fyrmeisteren og familien hans og på holmen finst hage og bedd.

Hatholmen fyrstasjon er i dag freda etter lov om kulturminne.

Det er i sommarmånadane høve for overnatting på fyret eller såkalla «fyrferie».

Innhaldsliste

[endre] Sjå òg

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelder

[endre] Andre kjelder

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk