Hatlestad-raset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hatlestad terrasse i 2006

Hatlestad-raset var eit ras av gjørme og stein som fann stad natt til den 14. september 2005 i Hatlestad terrasse i Fana bydel i Bergen under ekstremvêret Kristin som følgje av ekstreme nedbørsmengder. Raset tok livet av tre personar, skadde sju og fordreiv mange fleire, då det trefte fem rekkehus klokka halv ett om natta.[1] Hendinga hadde innverknad på norsk haldning og politikk angåande miljøvern og husbygging og spørsmålet om behandlinga av den dødlege skadde Kristina Hjartåker skulle avsluttast, skapte debatt over heile landet, samt ein avslutning av livsforlengande behandling generelt.[2][3]

Hatlestad Terrasse før raset[endre | endre wikiteksten]

Hatlestad terrasse er eit landleg nabolag i Fana Bydel og består av hus og husvære i eit område med skog og bakker. Ein enkeltveg knyter husa til kvarandre og til Osvegen.[4] Det var Hatlestad Terrasse 40, 42, 44 og 46, treetasjers rekkehus, som vart råka av raset.[5]

Då husa vart bygd tidleg på syttititalet førte Noreg ein fri politikk når det gjaldt byggeløyve i utsette område. Området vart derfor ikkje undersøkt for rasfare og risikoen for ras vart ikkje kjent før seinare.[6] Etter at husa vart bygd gjekk det i følgje bebuarane jamleg steinsprang frå den bratte bakken over husa. Steinane trefte vegen utan å føre til materiell skade eller personskade og kommunen sette opp rasfareskilt. Det vart òg sett opp primitiv rassikring i området.[5] Trass i gjentatte klager frå bebuarane om faren for ras sikra ikkje kommunen området, sidan sikring mot rasfare generelt er ansvaret til grunneigaren. Kommunen sendte pålegg om rassikring til grunneigar utan å få svar og saka vart aldri følgt opp.[7]

Hatlestad-raset[endre | endre wikiteksten]

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Etter raset gav Multiconsult ut ein rapport, gjennomgått av NTNU, om dei indirekte årsakene til raset. Rapporten meldte at fleire mogelege årsaker burde diskuterast. For det første vart Vestlandet råka av ekstremvêret Kristin natta raset gjekk. Kristin førte med seg store nedbørsmengder og nådde kysten den 13. september. Uvêret førte til trafikkork, straumbrot og materielle skadar.[8] Nedbørsmengdene skal ha auka poretrykket mellom fjellet og lausmassane i skråninga over husa og dermed medverka til erosjonen overflatevatnet gjorde på grunnfjellet. I tillegg mista ein av husstandane vassforsyninga rundt klokken 17 den 13. september. Dette kan ha kome av at ein vassleidning hadde vorte øydelagd av trykket dette medførte, noko som igjen medverka til at enno meir vatn trengte inn under bakken og framskunda prosessen ytterlegare. Rapporten meldte òg at ein garasje hadde vorte bygd og seinare rive i nabolaget og at vekta av fyllinga han vart bygd på kan ha medverka til raset.[9]

Rasulukka[endre | endre wikiteksten]

Omtrent klokken halv to natt til den 14. september 2005 losna massane i skråninga over husa. Dette medførte eit ras av jord og stein som trengte inn i fleire hus og gravla ti menneske. Bebuarane i andre etasje av husa evakuerte gjennom vindaugo. Kommunen slo katastrofealarm og mange hjelpemannskap vart sendt til området. Ein brannbil som hadde drenert vatn i nærleiken nådde rasstaden alt tre minutt etter raset og nytta sirena til å vekke bebuarane.[10][11] I tillegg til ambulansepersonell og brannvesen vart òg Sivilforsvaret og Heimvernet sett inn. Lavinehundar vart nytta i søket etter overlevande, men tungt maskineri kunne ikkje settast inn på grunn av faren for fleire ras og gravinga etter gravlagde bebuarar gjekk derfor i stor grad føre seg for hand og i mindre grad med verktøy som økser og spadar.[12]

Døde og såra[endre | endre wikiteksten]

Ei 51 år gammal kvinne var død då ho vart funne og henta ut av leitemannskapa. Ei anna kvinne på 27 døydde på Haukeland Universitetssjukehus nokre dagar seinare av skadane ho fekk og fem år gamle Kristina Hjartåker døydde i februar året etter, då legane avslutta den livsforlengande behandlinga hennar. Andre vart såra av sjølve raset og av oksygenmangel.

Etterspel[endre | endre wikiteksten]

Evakuering og hjelpetiltak[endre | endre wikiteksten]

På grunn av risikoen for fleire ras vart bebuarane i nabolaget evakuert til naboar og til hotell rundt om i Bergen.[13] 128 av dei hadde vorte isolert då raset øydela vegen ut av nabolaget og vart via ein skogssti.[14] Sidan denne stien no var einaste veg ut og inn av nabolaget, vart han utbetra med eit lag grus av arbeidarar frå kommunen.[15] Gaia Trafikk (no Tide) sette opp ei mellombels bussrute for bebuarane. Bussen gjekk frå Hamrevegen, ein mindre veg ved slutten av stien, til næraste busstopp på Osvegen.[16] I tillegg førte vandalisme mot dei tomme husa til at politiet sette opp flaumlykter og starta å patruljere området.[17]

Raset fekk òg bebuarane i Søråshøgda[18], eit anna område i Fana, til å ringe politiet og melde om at husa deira var potensielt utrygge. Politiet starta evakuering av 14 hus, men avbraut evakueringa då ein geolog som hadde undersøkt Hatlestad kom på synfaring og kunne melde at området var trygt.[19]

Erstatning til offer og kommunar[endre | endre wikiteksten]

Lagnaden til husa og vegen som vart råka av raset var lenge uviss. I byrjinga vurderte kommunen å pusse opp hua og vegen og gje grunneigarane ansvaret for vidare rassikring. Dette førte til stor uro hos huseigarane, sidan enkelte av dei var deleigarar av bakken som ville trenge rassikring. Det var òg til uro at forsikringa til eigarane berre dekte skaden på husa og ikkje rassikring. Huseigarane var heller ikkje villige til å flytte tilbake til rasstaden.[20]

Den 20. september vart det gjeve ut ein rapport frå ingeniørselskapet Multiconsult, som anbefalte at at dei 16 husa burde kjøpast av kommunen og rivast. Ein ny veg kunne så byggast over dei gamle husa og bakken over vegen skulle sikrast med stålnett og stålboltar i bakken.[21][22] Sjølv om dette var ei dyrare løysning for kommunen, vart han til slutt godteken.[23]

Det vart no avgjort å kjøpe og rive husa som vart råka av raset og eigarane vart gjeve nye, mellombels stader å bu og pengeerstatning. Det einaste huset som ikkje kom med i avtalen var det som låg på toppen av bakken, ved sida av den øvste delen av raset. Eigarane risikerte å måtte flytte tilbake til raskanten etter at forsikringsselskapet hadde betalt for reparasjon av skader. Eigarane var svært lite villige til å godta denne avtalen og forsikringsselskapet bestemte seg til slutt for å kjøpe huset og gje det vidare til kommunen for riving.[24][25][26]

Fem kommunar som vart råka av Kristin fekk kompensasjon på til saman 24,7 millionar norske kroner frå staten for utbetring av skadar. Av desse mottok Bergen 18,8 millionar, der 12,5 gjekk til rassikring av Hatlestad terrasse etter raset. Resten, 6,3 millionar, gjekk til økonomiske tap etter raset, samt til dekning av skadane etter det påfølgjande raset i Hetlebakken i november same år. Dei andre kommunane som fekk utbetalt erstatning var Voss, Fjell, Vaksdal og Odda.[27]

Videresal av hus[endre | endre wikiteksten]

Den 3. november meldte Bergens Tidende at kommunen var på utkikk etter eigedomsmeklar til å selje 18 eigedommar. Husa hadde då stått tomme i to år og uteareala trengde vedlikehald. Kommunen var òg klar over at kjenslene rundt Hatlestad Terrasse etter ulukka ville gjere det vanskeleg å få folk til å bu der.[28]

Etterforsking[endre | endre wikiteksten]

Politiet starta ei etterforsking, som aldri vart retta mot enkeltpersonar, etter ulukka, men denne vart lagt bort den 21. november sidan eventuelle lovbrot ville vore forelda. I ei pressemelding beklaga byrådsleiar Monica Mæland avgjersla, sidan ei eventuell etterforsking ville avdekt alle sider av saka.[29][30]

Krisehandtering etter Hatlestad-raset[endre | endre wikiteksten]

Etter raset har evakuering av bebuarane i risikoområde oftare blitt utført når ekstremvêr truar. Til dømes vart meir enn 200 personar evakuert da store nedbørmengder trefte Nord-Trøndelag i 2006.[31][32] I Bergen starta kommunen å inspisere eigedomar over heile kommunen for å avdekke rasfare i tilfelle ekstremvêr.[33] Sikring av rasfarlege område er framleis grunneigaren sitt ansvar, men det har vore diskusjon om at dette bør endrast.[34] I tillegg har raset endra det offentlege synet på bygging i rasfarlege område.

Kommunen oppretta òg ein 24-manns redningsgruppe med oppgåve å rykke ut når katastrofar som følgje av ekstremvêr oppstod. Etter Hatlestad og Hetlebakken stod det klart for redningsmannskapa at redningsarbeid etter ras var både utrygt og lite effektivt, så redningsgruppa fekk tildelt spesialutstyr og -trening spesielt for handtering av rasulukker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mudslides hit Vestlandet, 15. sept. 2005, henta 12. september 2009 (engelsk)
  2. Dødsraset, Bergens Tidende, 13. sept. 2006, henta 12. september 2009
  3. Debate erupts over little girl's life, Aftenposten, 19 jan. 2006, henta 12. september 2009
  4. Hatlestad Terrasse, Bergen, Google Maps. Merk: Per 12. september 2009 viser satellittbiletet området før raset.
  5. 5,0 5,1 Notat G-1/Rasrisiko etter rekordnedbør 14. september. Hatlestad Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine., Multiconsult, 20. sept. 2005. Henta 12. september 2009
  6. -Husene burde ikke vært bygd, Bergens Tidende, 28. sept 2005, henta 12. september 2009
  7. Undersøker kommunens håndtering av rasfare Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine., Vaktsentralen, 14. sept 2005, henta 12. september 2009
  8. I værgudenes vold Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine., Dagsavisen, 4 feb. 2006, henta 12. september 2009
  9. Ras mot boliger ved Hatlestad Terrasse, Bergen. Vurdering av rapporter frå Multiconsult AS Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine., Multiconsult og NTNU, 4. okt 2005, henta 12. september 2009
  10. Ekstremt vanskelig redningsarbeid, Bergensavisen, 14 sept. 2005, henta 12. september 2009
  11. Kvinne omkom i raset, Aftenposten, 14. sept 2005, henta 12. september 2009
  12. Kom først til ulykkesstedet, Bergens Tidende, 18. sept. 2005, henta 12. september 2009
  13. Måtte flykte i pyjamas, Bergens Tidende, 15. sept. 2005, henta 12. september 2009
  14. Hatlestad Terrasse fortsatt stengt, Bergens Tidende, 18. september 2005, henta 12. september 2009
  15. Møte med beboerne i Hatlestad terrasse Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine., Bergen Kommune, 20. september 2005, henta 12. september 2009
  16. Ekstrabuss for de rasrammede, Bergensavisen, 19. september 2005, henta 12. september 2009
  17. Utsatt for hærverk, Bergensavisen, 26. september 2005, henta 12. september 2009
  18. Søråshøgda, Bergen, Google Maps, ukjent opplastingsdato, henta 17. juni 2007
  19. Full alarm på Søråshøgda Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine., Bergens Tidende, 14. september 2005, henta 12. september 2009
  20. Beboere frykter regning for rassikring, Bergens Tidende, 21 september 2005, henta 12. september 2009
  21. Notat G-1/Rasrisiko etter rekordnedbør 14. september. Hatlestad Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine., pages 6-7, Multiconsult, 20. september 2005, bygget
  22. Sikringsarbeid i rute, Bergens Tidende, 27. januar 2007, bygget
  23. Hatlestad-avtale i boks, Bergens Tidende, 30. mars 2006, henta 12. september 2009
  24. Tvinges tilbake til raskanten, Bergens Tidende, 13. mars 2007, oppdatert 14. mars, henta 12. september 2009
  25. Endelig Hatlestad-løsning, Bergens Tidende, 6. april 2006, henta 12. september 2009
  26. Enighet om Hatlestad Terrasse, Bergensavisen, 6. april 2007, henta 12. september 2009
  27. Bergen får 17 millioner for uværskader Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine., Bergens Tidende, 6. desemeber 2006, henta 12. september 2009
  28. Søker kjøpere til Hatlestad-hus, Bergens Tidende, 3. november 2007, henta 12. september 2009
  29. Dødsraset kan bli straffesak Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine., Bergens Tidende, 16. september 2005, henta 12. september 2009
  30. Politiet henlegger Hatlestad, Bergens Tidende, 21. november 2005, henta 12. september 2009
  31. - Alt er borte[daud lenkje], Aftenposten, 1. februar 2006, henta 12. september 2009
  32. Nedbørsrekorder skaper kaos[daud lenkje], Aftenposten, 31. januar 2006, henta 12. september 2009
  33. Rasfare sjekkes i hele kommunen Arkivert 2006-02-16 ved Wayback Machine., Aftenposten, 28. september 2005, henta 12. september 2009
  34. Bergen søker nasjonal ras-støtte, Bergens Tidende, 25. april 2006, henta 12. september 2009