Hattie Caraway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det offisielle senatorbildet av Hattie Caraway.

Hattie Wyatt Caraway (1. februar 187821. desember 1950) var ein amerikansk senator, den første kvinna som blei vald inn i det amerikanske senatet, i 1932. Caraway var også den første kvinna som leidde senatet, og den første som leidde ein senatskomité.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Hattie Caraway i 1914.

Hattie Wyatt var født i Bakerville i Tennessee, men flytta til Hustburg i same delstaten då ho var fire. Ho studerte ei kort stund ved Ebenezer College i Hustburg før ho gjekk over til Dickson (Tenn.) Normal College, der ho oppnådde graden bachelor of arts i 1896. Wyatt arbeidde som lærar fram til ho gifta seg med advokaten Thaddeus Caraway i 1902.

Paret slo seg ned i Jonesboro i Arkansas, der ho tok seg av heimen, tre søner og bomullsgarden deira medan Thaddeus bygde opp ein advokatpraksis og byrja ein politisk karriere. Han vart valt inn i Representanthuset i 1912 for Demokratane og i Senatet i 1921, der han sat fram til han døydde i 1931. Hattie Cataway «arva» plassen hans, men vart seinare også vald, og blei dermed den første kvinnelege folkevalde senatoren. Ho vart sitjande fram til 1945, etter å ha tapt valet i 1944 for William Fulbright. 9. mai 1932 var ho den første kvinna som leidde Senatet, om enn berre ei kort tid, og i 1933 blei ho den første kvinnelege komitéleiaren i Senate Committee on Enrolled Bills.

Politisk liv[endre | endre wikiteksten]

Hattie Cataway overtok senatorsetet til mannen etter initiativ frå guvernøren i Arkansas, Harvey Parnell, i desember 1931. Ho blei vald inn ved suppleringsvalet i januar 1932, mot eit hemmeleg løfte om at ho ikkje skulle stilla ved det ordinære valet i november same året. Hattie Caraway overraska både Parnell og andre leiande partifolk då ho likevel stilde til valet i november 1932, og braut med skikken om at kvinnelege senatorar berre sat som enkjer etter avdøde ektemenn.

Medan Caraway fekk kallenamnet «Silent Hattie» ('Tause Hattie') dei første månadene ho sat i Senatet, fordi ho talte sjeldan, fekk ho etterkvart ei stemme i det mannsdominerte miljøet. Ho følgde stort sett standpunkta til ektemannen. Ved fleire viktige avstemmingar støtta ho den mektige senatoren Huey Long frå Louisiana, og imot den andre demokratiske senatoren frå Arkansas, Joseph T. Robinson. Som takk for dette ønska karismatiske Long å støtta valkampen hennar, og sidan Caraway hadde få politiske støttespelarar i heimstaten, takka ho ja.

Caraway gav gjerne støtte til det ho kalla «dei som har lite og ingenting»,[1] og var særleg oppteken av støtte til bønder, flaumoffer og krigsveteranar, saker knytt til heimstaten. Ho stemte for dei fleste forslaga i Franklin D. Roosevelt sitt New Deal-program. Ho motarbeidde likevel, som nesten alle dei andre sørstatssenatorane, regjeringa sine forslag til lovar mot koppskatt (som blei brukt for å hindra «farga» minoritetar frå å stemma) og lynsjing.

Hattie Caraway arbeidde for å innføra loven Equal Nationality Treaty frå 1934, som likestilte kvinner med menn innan nasjonale rettar. Ho stemte også imot å oppheva alkoholforbodet.

Etter at ho gav opp senatorsetet i 1945, hadde Hattie Caraway oppgåver i samband med ein kommisjon for kompensasjon til føderalt tilsette.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Dagbøkene til Caraway blei gjevne ut i 1979 som Silent Hattie Speaks: The Personal Journal of Senator Hattie Caraway.

I 2001 blei ho avbilda på eit amerikansk frimerke, som den første personen frå Arkansas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. the have-nots and have-littles